MUNNIG: Kuvelda går gjennom Tynjadalen og renn ut i Lærdalselvi. Foto: Ole Ramshus Sælthun
MUNNIG: Kuvelda går gjennom Tynjadalen og renn ut i Lærdalselvi. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun)

Startar bygging av to kraftverk i Lærdal til 200 millionar

Vil gje nok straum til å forsyna vel 1600 husstandar.

Lærdal: Kuvelda Kraft har inngått kontraktar for bygging av Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i elva Kuvelda i Lærdal kommune. Det skriv selskapet i ei pressemelding fredag.

Samla vil dei to kraftverka gje ein årleg produksjon på 37,3 gigawattimar, eller tilsvarande  straumforbruket til vel 1800 husstandar. Prosjektet vil ha ei kostnadsramme på rundt 200 millionar kroner.

Kuvelda Kraft er eigd av Okken Kraft i Lærdal og Sognekraft i Vik.

Planlagt ferdigstilling i 2021

Tynjadalen kraftverk vil utnytta vatnet øvst i Tynjadalen og ha eit 361 meter høgt fall, frå 680 meter til 319 meter over havet. Fosseteigen kraftverk lenger nede i elva vil ha eit 142 m høgt fall, frå 202 og til 60 meter over havet. Begge prosjekta er venta å vera ferdigstilte hausten 2021.

Jølsterfirmaet Ottar Dvergsdal har fått tildelt bygg- og anleggskontrakten, medan Spetals Verk frå Kongsvinger vann konkurransen om det elektromekaniske arbeidet. 

Røyr vil bli levert av Brødrene Dahl, som har hovudkontor i Oslo og servicesenter landet over, mellom anna i Sogndal.

Norconsult har prosjekteringa og prosjektorganisasjonen er sett saman av Sognekraft og Okken Kraft.

Til toppen