Fiber:  Utbygginga på Borgund tek til i sommar. Illustrasjonsfoto
Fiber: Utbygginga på Borgund tek til i sommar. Illustrasjonsfoto

Startar fiberutbygginga på Borgund

Skal vera ferdig hausten 2017.

Lærdal: Kommunen har tidlegare fått midlar frå Nkom til utbygging av breiband på strekninga Sjurhaugen - Maristova. Etter ein anbodskonkurranse i vinter og vår har kommunen no inngått avtale med Telenor om prosjektet og utvbygginga startar i sommar, skriv Lærdal Næringsutvikling på sine nettsider.

Informasjonsmøte

Kontrakten gjer at alle innbyggjarane på strekninga no vil få tilbod om fibertilknyting.     

Telenor held informasjonsmøte anngåande fiberprosjektet i Borgund 27.juni kl 18.30 i Samfunnshuset, skriv Buiborgund.no. Der vil Telenor informera om framdrifta i prosjektet, om ulike abonnementstypar og om ulike praktiske sider ved utbyggingsprosjektet. 

Utbygginga skal vera avslutta seinast hausten 2017.

Til toppen