FRIKJENT: Måndag neste veka startar Miso Film Norge innspelinga av andre sesong av «Frikjent». Foto: Carl Christian Raabe/Miso Film Norge. 
FRIKJENT: Måndag neste veka startar Miso Film Norge innspelinga av andre sesong av «Frikjent». Foto: Carl Christian Raabe/Miso Film Norge. 

Startar filminga av sesong to av «Frikjent»

Frå neste veka startar Miso Film Norge innspelinga av andre sesong av «Frikjent».

Årdal: TV 2-serien som er innspelt i Årdal, blei svært godt motteken av TV-sjåarar i fjor vår då den gjekk på lufta. 

I november blei det klart at fleire løyndommar skulle opp til overflata og at sesong to skulle koma hausten 2016. Ifølgje TV 2 vil innspelinga av sesong to ha eit budsjett på 60 millionar kroner.

Innspelinga startar måndag neste veka, og i samband med filminga vil det vere periodevis med stenging av vegar, hovudsakleg i sentrum på Årdalstangen.

– Det blir minimalt med stenging mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, kanskje berre nokre timar éin dag. Sperring foregår hovudsakleg i Årdalstangen sentrum og noko i Øvre, seier Jonas F. Christiansen, som er location manager.

Denne stenginga vil foregå fram til 18. februar. Serien er også på jakt etter statistar i Årdal og Lærdal og ber folk som er interesserte om å melde frå. 

Til toppen