Sogndal: – Me ønskjer å gjera utdanninga tilgjengeleg for fleire. I dag ser me at det er ein del studentar som er interesserte i å ta slike studiar, men at til dømes familiesituasjonen kan hindre dei i dette, seier professor Oddmund Løkensgard Hoel.

– No legg me til rette for at den som vil kan ta denne utdanninga, uavhengig av kvar ein bur eller livsfase ein er i. Me ser også at andre institusjonar har hatt gode søkjartal til sine nettstudium.
Den nye nettbaserte utdanninga kjem som eit tillegg til dagens campusbaserte bachelor i historie i Sogndal. Den nye utdanninga legg også til rette for at personar som har starta på ei utdanning i historie, kan fullføre den gjennom nettutdanninga.
Live-undervisning, video-førelesing og podkast
Det nye studiet er eit 100 prosents nettstudium, og vil ikkje tilby samlingsbaserte samlingar på campus. Førelesingane vil bli tilbode gjennom varierte undervisningsformer som live-undervisning, videoførelesingar i opptak og podkast.
– Me ønskjer at dei to studiane kan dra vekslar på kvarandre. For eksempel kan det vera positivt for nettstudentane å ha campus-studentar å spele på ved oppgåver som skal løysast gjennom gruppearbeid, seier Løkensgard Hoel.
Opplegget følgjer same fagleg opplegg som campusstudiet i historie og legg til rette for at ein ved behov kan følgje undervisninga ved campus.