KULTURHUSET: Vidareutvikling av Lærdal kulturhus var oppe som sak i kommunestyret i Lærdal torsdag 17. september. Foto: Ina Eirin Eliassen
KULTURHUSET: Vidareutvikling av Lærdal kulturhus var oppe som sak i kommunestyret i Lærdal torsdag 17. september. Foto: Ina Eirin Eliassen

Startar frå scratch for å finne ut kva kulturhuset skal vera

Framtidig utvikling av Lærdal kulturhus skal på plass. Kommunen er samd i å sjå nærare på to modellar. Den eine er ei storsatsing med eit mangfald av aktivitetar, den andre er eit reint kulturhus utan Norsk Villakssenter.

Lærdal: Det manglar ikkje på idear og meiningar for kva kulturhuset i Lærdal skal og ikkje skal vera. Utviklinga av kulturhuset er ein del av omstillingsarbeidet og har ei eigen styringsgruppe. Tidlegare i sommar vart arktitektgruppa CUBUS utfordra til å lage eit notat om utviklingsmoglegheiter, der konklusjonane var ærlege og direkte. Styringsgruppa er einige med CUBUS om at det handlar om å satsa på huset eller ikkje. 

Storsatsing eller eit lokalt kulturhus

Eit samrøystes formannskap og kommunestyre gjekk sist torsdag inn for å greie ut to modellar i kvar sitt forprosjekt, noko som er eitt skritt på vegen mot ei framtidig løysing. Det var i tråd med styringsgruppa og rådmannen Alf Olsen jr. si tilråding i saka. 

Den eine modellen ein skal greie ut er ei heilskapleg satsing, der kulturhuset er ein attraksjon med mangfald og eit knytepunkt for ulike aktivitetar og arrangement. Det krev med andre ord ei storsatsing, for å få det til å vera ein attraksjon for reiselivet.

Den andre modellen er eit reint lokalt kulturhus, slik som i dag, men der Norsk Villakssenter blir lagt ned og til dømes bytta ut med eit bibliotek. 

Heile saksframlegget finn du her.

MÅ SJÅ FRAMOVER: – Eit reint kulturhus kan kanskje ha kommunen som drivar, men ei storsatsing krev nok at me må få inn andre for å få det til å gå, seier Jan Olav Fretland (SV).
MÅ SJÅ FRAMOVER: – Eit reint kulturhus kan kanskje ha kommunen som drivar, men ei storsatsing krev nok at me må få inn andre for å få det til å gå, seier Jan Olav Fretland (SV).

– Må tenkja framover

– Me kan ikkje forlenge årets løysing sjølv om drifta no har vore bra, me er nødd å tenkja framover. Då er det naturleg å ha to forprosjekt, som ein utviklar kvar for seg, før me eventuelt koplar dei i lag. Så langt ser me ikkje at det er mogleg å få til eit bibliotek i vestibylen, då må i så fall villakssenteret vike for at det skal vera eit kulturhus. Eg oppmodar om at me undersøkjer dei to modellane, så vil forprosjekta syne kva som er mogleg å gjera, seier Jan Olav Fretland (SV), som er oppnemnd av kommunestyret til å sitta i styringsgruppa.

Fretland fortel styringsgruppa tek sikte på å ha ei ferdig løysing for kulturhuset til sesongen 2017. Fram til då meiner han at ein må forlenga nokre av avtalane ein alt har, som til dømes på kafé og kunstsenter. 

Det er kommunestyret som til sist tek ei avgjerd på bakgrunn av konklusjonane av forprosjektet.

VIL HA EIN MØTEPLASS: Marianne Øren (V) håpar ikkje det blir naudsynt å legga ned Norsk Villakssenter.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Klar tale – vil ha begge delar

Marianne Øren (V) tykkjer det er bra at ting no er på gang med kulturhuset, men trist om villakssenteret blir lagt ned for å gi plass til eit bibliotek eller eit lågterskelstilbod. Ho håpar ikkje det er naudsynt og er samstundes klar på at Venstre ønskjer seg ein møteplass. Geir Berge Øverland (Ap) og Mona Grøttebø (Ap) ser heller ingen grunn til å legge ned villakssenteret for å gi plass til eit bibliotek. Dei meiner det burde vera plass til eit bibliotek i foajeen/vestibylen av huset. 

Bente Øien Hauge (uavhengig representant) er også begeistra for at det no skal på plass ein plan for vidareutvikling av kulturhuset og nytta tida til å kome med kritiske innspel mellom anna til notatet utarbeidd av CUBUS. Hauge ser ingen motsetnad mellom å satsa på både turistar/reiseliv og innbyggarane i Lærdal og omegn, då ho meiner det må gå an å inkludere begge delar i huset. 

– Beklagar eg vart nok for presis

Fretland tek på ny plass på talarstolen og orsakar at han i denne saka har kome for raskt til ei løysing, ei felle ordførar Jan Geir Solheim (Sp) også kjenner seg att i. 

– Eg skjønar at eg uttrykte meg for presist. Kva dei ulike modellane inneheld er eit døme, det er forprosjekta som skal syne løysingane. Det er framlegget om å ha forprosjekt og utgreiingar på dei to modellane de skal meina noko om, seier Fretland. 

Til toppen