Indre Sogn: Direktør for undervegstenester i Avinor, Jan Gunnar Pedersen, seier til NRK at det er oppdaga ein ustabilitet i systemet flygeleiarane brukar.
Det var radarsystemet på Vestlandet som var nede, og som førte til at ingen fly fekk ta av.
– Det gjorde at me valte ikkje å sleppe inn fleire fly i luftrommet, og avvikla trafikken. Luftrommet er i prinsippet stengt mellom Vigra og Kjevik. Det gjeld også helikoptertrafikk, sa Pedersen til NRK.
Rundt 12.00 vart det opplyst om at feilkjelda var lokalisert og at det vart jobba med å starte opp att flytrafikken.
Flyplassane som var berørt var Bergen, Stavanger, Haugesund, Førde, Florø, Sandane, Sogndal, Ørsta/Volda og Stord.