TURGLADE: Årdal Gålag har mange turglade medlem. Foto: Årdal Gålag
TURGLADE: Årdal Gålag har mange turglade medlem. Foto: Årdal Gålag

Startar i gong tursesongen

Neste veke startar Årdal Gålag sitt turprogram for 2016. Fyrste turen går frå torget i Øvre Årdal fram til Øygarden.

Årdal Gålag har eit program med mange flotte turar, der medlemmene har foreslått kvar dei skal gå. Gålaget har turar både i fjell, dalar, i bygda og nabobygdene. Turane går ikkje berre i Årdal, men også i Lærdal, Vang, Kaupanger og Luster.

Fyrste turen går på gang- og sykkelstien frå sentrum i Øvre Årdal, og fram til Øygarden i Utladalen. 

Overnattingsturen deira går i år til Øigardseter i Rondane.

Godt selskap

Gålaget sine turar inneheld litt kultur, litt historie, men og det sosiale vert ivareteke. Gålaget kan love deg fine turopplevingar, i lag med turglade mennesker i flotte naturområde. I Gålaget har du turfølgje på kvar tur.

Turprogrammet deira finn du i sportsbutikkane i Årdal. Der finn du info om turane.

 

Til toppen