TO VEKER: Eigarane håpar å få inn pengar til ein spesialtrena hund som forhåpentlegvis kan finna leonbergeren. Privat foto
TO VEKER: Eigarane håpar å få inn pengar til ein spesialtrena hund som forhåpentlegvis kan finna leonbergeren. Privat foto

Startar kronerulling for Elvis

Håpar å få inn pengar til spesialtrena hund

Årdal: – Elvis har no vore sakna i over to veker. I håp om å finna han ønskjer me å leige inn ein sporhund som er opplærd i å finna sakna hundar. Vedkomande har lang erfaring og har i si tid funne over tjue sakna hundar, skriv Kine Lindstrøm Bolme på facebooksida "Hjelp oss å få Elvis heim!".

Norsk Folkehjelp Årdal aktivt med

Det er no over to veker sidan den to år gamle leonbergeren forsvann frå hundepensjonatet i Fardalen. Trass observasjonar og spor er likevel ikkje Elvis komen til rettes.

Les også: Nye spor av Elvis

No gjer eigarane og medhjelparane eit annleis forsøk på å finna hannhunden.

– Dette hastar og me håpar mange kan støtta oss i dette. Om me skulle få inn meir midlar enn me treng vil resterande beløp gå til Norsk Folkehjelp Årdal, ettersom dei har vore og er aktivt med i søket, skriv Lindstrøm Bolme.

Meir info om korleis ein kan bidra på facebooksida "Hjelp oss å få Elvis heim!".

Til toppen