BELTEKONTROLL PÅ BUSS: Frå og med måndag veke 36, vil 150 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke beltebruk på bussar på Vestlandet.
BELTEKONTROLL PÅ BUSS: Frå og med måndag veke 36, vil 150 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke beltebruk på bussar på Vestlandet. (Foto: Arkiv)

Startar opp med beltekontrollar på buss

Frå og med måndag skal 150 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke bilbeltebruken i bussar på Vestlandet.

BELTE REDDAR LIV: - Setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil, seier Anne Margrethe Bøe. Foto:  Statens vegvesen

Indre Sogn: Det skriv Vegvesenet i ei pressemelding måndag.  

– Denne gongen vil vi ha fleire kontrollørar ute og vi vil vera på fleire plassar. Grunnen til dét er at vi vil kontrollera fleire bussklassar der det er påbod å bruke belte, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Region vest.

Bøe: – Beltet reddar liv like mykje i buss som i bil

Bøe fortel at det har kome fram i spørjeundersøkingar at 9 at 10 veit om påbodet, men jamvel går beltebruken i buss ned.

– Diverre ser me at bruken har gått ned til 81 prosent i fjor vår til 74 prosent. Dette er ikkje godt nok når vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ein ulukke og passasjerane sit usikra, seier ho.

Til toppen