STÅR BAK: Frå venstre: Gerd Stave, ressurssjukepleiar i Aurland, Linda Mannes, kreftkoordinator i Aurland, Lærdal og Årdal, Iris Blaaflat, fysioterapeut i Lærdal og representant for Frisklivssentralen, Susanne Nesse, ressurssjukepleiar på Årdalstangen, Anita Kristin Sviggum og Beate Sem-Johansen Øy, begge ressurssjukepleiar i Årdal kommune, og Laura Brons Nordgulen ressursjukepleiar i Øvre Årdal er gruppa bak «Kreftomsorg ÅLA» og initiativtakarar for å få til Temakafèane. Halldóra Karlsdóttir og Svana Halldorsdottir, begge ressurssjukepleiarar i Lærdal, og Hege Loven, ressurssjukepleiar i Aurland har også vore med på å få dette til, men var ikkje til stades under fotograferinga. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Startar opp temakafè for kreftråka, pårørande og etterlatne

Årdal, Lærdal og Aurland går saman om å skapa ein uformell møteplass med ulike tema og føredrag for alle som har fått kreftsjukdommen tett innpå. 

Indre Sogn: – Kreft rammar mange. dei aller fleste kjenner nokon som har hatt eller har kreft. Det gjer noko med heile familien og vener, seier Linda Mannes, kreftkoordinator i Aurland, Lærdal og Årdal.

Difor skipar helsearbeidarar i dei tre kommunane til faste temakafèar i 2017. Her blir det føredrag om aktuelle tema og dei som kjem får prata i lag.

– Først og fremst er det ein møteplass og alltid fagpersonar til stades ein kan spørja om ein lurer på noko. Det blir ulike tema, som ernæring, aktivitet eller trygdeordningar. Og det treng ikkje vera fagleg, me har snakka om ein juleverkstad før jul, held Mannes fram

– Den faglege biten er eigentleg den minst viktige, minglinga etterpå og at dei som vil får høve til å snakka med oss blir hovudpoenget slik sett. Ein kan dela erfaringar, treffe kvarandre og knyte kontaktar. For nokre handlar det berre om å koma seg ut, legg Anita Kristin Sviggum, ressurssjukepleiar i Årdal til.

Les også: I handa held dei ein plan for barn som pårørande

Ulike tema

Første temakafè er lagt til 16. februar på Doktorheimen i Lærdal. Då vil Lindis Alme, leiar i Brystkreftforeningen Sogn som sjølv har hatt kreft, snakka om ernæring. Vidare utover året vil kafèane bli haldne her og på Eldresenteret ved Kulturhuset i Øvre Årdal – sjølvsagt tenkjer initiativtakarane at folk som vil koma tek turen frå nabokommunen uavhengig av kvar den aktuelle kafèen blir halden.

– Me køyrer dette ei gong i månaden fram til og med mai og startar oppatt i september. Kafèane blir lagt på faste tidspunkt kveldstid ettersom dette kan vera aktuelt for folk som har vorte friske og er komne ut i jobb att, seier Sviggum.

– Ettersom me har teieplikt er det ikkje så lett å miksa folk når me har dei som pasientar. Med desse kafèane får me det til, held Gerd Stave, ressurssjukepleiar i Aurland fram.

Gode erfaringar andre stader

Temakafèar for kreftråka, pårørande, vener og etterlatne er prøvd mange stader i landet og har fungert bra.

– I Sogndal har det etter kvart vorte godt oppmøte. Det varierer – somme dagar kjem det ikkje meir enn fire, andre dagar femten, seier Mannes

Initiativtakarane får no tilbodet opp og gå etter at kommunane gav grønt lys i fjor vår. Dei får leiga lokala gratis og har førebels føredragshaldarar som tek oppdraga vederlagsfritt, men har ikkje all verda av midlar til disposisjon.

– Så me vil gjerne ha litt stønad til innkjøp av runstykker, kaffi, kaker og slikt. Kanskje kan me også ta inn føredragshaldarar som kostar noko, avsluttar Mannes og opplyser om kontonummeret 3838 07 60328; ved bidrag skal ein merkja dette med «Kreftomsorg».

Til toppen