TRENINGSKAMP: Årdal FK vann treningskampen mot Valdres FK i oppkøyringa mot haustsesongen. Arkivfoto
TRENINGSKAMP: Årdal FK vann treningskampen mot Valdres FK i oppkøyringa mot haustsesongen. Arkivfoto

Startar oppkøyringa mot haustsesongen 

Fredag kveld var det duka for ein treningskamp mellom herrane i Årdal FK og Valdres FK på Blåbærmyra, før sesongen tek til for fullt.  

Fotballsesongen for årdølene startar ikkje før laurdag 1. august, då Kristiansund FK møter ÅFK på Jotun stadion.

Men før den tid sikrar ÅFK seg to treningskampar, som oppkøyring mot haustsesongen.

– Viktig og koma i gang

Fredag kveld var det klart for treningskamp mot Valdres FK på Blåbærmyra. 

OPPKØYRING: Ivan Øy, trenar for Årdal FK, seier det no er viktig for spelarane å få kampar i beina før sesongen startar. Arkivfoto
OPPKØYRING: Ivan Øy, trenar for Årdal FK, seier det no er viktig for spelarane å få kampar i beina før sesongen startar. Arkivfoto

Før kampen uttalte Ivan Øy, trenar for ÅFK, til Porten.no at han tykkjer det er bra å møta ein så tøff motstandar som Valdres FK kan vera no før sesongen. 

Laga møtte kvarandre også i årets første kamp. Då var årdølene klart sterkast og vann 6-1 i Årdal. Men sidan den gong har det skjedd ting. Valdres FK leiar no avdelinga i 3. divisjon, medan Årdal ligg på 12. og nedrykksplass, med 13 poeng på 13 kampar. 

Ny siger til årdølene

Likevel tok årdølene sigeren også denne gongen mot valdrisane. Stillinga på Blåbærmyra vart 2-0. 

– Det var ein godt gjennomført kamp mot eit greitt lag. Me er godt nøgde, seier Øy etter kampen. 

Tysdag er ÅFK klar for ny treningskamp, då er det Sogndalslaget Fjøra som står for tur heime i Årdal. 

 

Til toppen