FÅR LYS OG LØFT: Frå 4. januar og fram til hausten 2016 vil det vera opprustingsarbeid i Bermålstunnelen på fylkesveg 53. Foto: Statens vegvesen
FÅR LYS OG LØFT: Frå 4. januar og fram til hausten 2016 vil det vera opprustingsarbeid i Bermålstunnelen på fylkesveg 53. Foto: Statens vegvesen

Startar opprustinga på nyåret – stenger kveld og natt

No skal det ikkje berre bli lys i Bermålstunnelen på fylkesveg 53 mellom Lærdal og Årdal. Opprustingsarbeidet som førar til nattestengingar startar opp alt 4. januar. 

I lang tid har Bermålstunnelen på fv. 53 mellom Lærdal og Årdal vore mørklagt på grunn av jordfeil på det elektriske anlegget.

No får tunnelen nytt lysanlegg, det skal på plass ei havarinisje, ny asfalt, i tillegg til ventilasjon og utbetringar på vass- og frostsikringa, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeid på nattetid

– Med sprengingsarbeid kjem me ikkje unna lange stengingar. Ikkje berre skal det sprengast, men me må lufte ut av tunnelen etter salva og sikre veggar og heng før trafikk kan passere, seier byggeleiar Torleiv Hurthi. 

Frå 4. januar vil det bli jobba i tunnelen frå klokka 20 til klokka 06, frå måndag kveld til fredag morgon. Arbeidet er venta å vera ferdig hausten 2016. 

Har beredskapsplanen klar

Det er sett opp tidspunkt for bussar som skal passere i løpet av nattetimane, og så lenge det ikkje er arbeid i tunnelen er det fri ferdsle, men nedsett fartsgrense. Dette er fordi tunnelen i anleggsperioden manglar tryggleiksutrustning; naudskåpa som ein kan konkta Vegtrafikksentralen med er utkopla og på eit tidspunkt vil det heller ikkje vera brannapparat i tunnelen. Likevel skal det vera mobildekning i heile byggefasen. 

Etter dialog med naudetatane og Årdal kommune, er det utarbeidd ein beredskapsplan for arbeidet. I det ligg det at alarmsentralen skal koordinere hastetransport, og at vegbanen etter behov skal ryddast og vera klar for passering innan 20 minutt. 

Utfordrande prosjekt

– Dette er eit utfordrande prosjekt fordi det involverer mange ulike fag og underentreprenørar. Det skal sprengast, tunnelen skal sikrast og det skal utførast omfattande elektroarbeid – alt på same tid og innan avtalt opningstidspunkt, fortel byggeleiaren.

Det er Birkeland Entreprenørforretning frå Gulen som skal utføre opprustinga av Bermålstunnelen.

No i desember har dei vore i samhandlingsmøte med byggherre Statens vegvesen for å legge planar for byggeperioden, og diskutere problemstillingar som kan dukke opp.

Til toppen