Årdal: Komande veke startar Statens vegvesen arbeidet med montering av rassikring i form av eit fanggjerde mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, melder Vegvesenet i ei pressemelding fredag.
Det omlag 700 meter lange fanggjerdet skal setjast opp mellom Vassbugen og Galden like innafor Årdalstangen på fylkesveg 53.
Ifølgje Vegvesenet er dette eit omattande arbeid, der mange forankringar skal boltast før nettet vert montert, og skriv at sikringsarbeidet skal vera ferdig i slutten av november.
Skal vera ferdig i november
Vegvesenet opplyser at det vil bli ein kombinasjon av manuell dirigering, lysregulering med éi køyrebane, samt stengingar på omlag ein halvtime, men opplyser at rutebussar vil kunna passera.
Arbeidet startar komande veke, og vil vara frå 07:00 til 19:00 på kvardagar og frå 07:00 til 18:00 på laurdagar.