SESONGSTART: I helga startar sesongen for Eirik Kinserdal (17) frå Årdal når han deltar på temporittet Rådalen rundt. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SESONGSTART: I helga startar sesongen for Eirik Kinserdal (17) frå Årdal når han deltar på temporittet Rådalen rundt. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Startar sesongen i Bergen

Sykkeltalentet Eirik Kinserdal (17) er klar for sesongstart.

Årdal: Årdølen, som tok mange steg førre sesong, har no lagt bak seg ein hard treningsvinter og er klar for ein ny sesong.

– Eg er så klar som eg kan bli. Eg har trent bra i vinter, og eg skal ikkje vera i nokon toppform enno, seier han.

Søndag stiller han til start Rådalen rundt, eit temporitt med fellesstart i bergensområdet. 

– Målet mitt er å få eit godt treningsutbytte av helga, fortel han. 

Gode resultat

Kinserdal syklar for Sogn Cykleklubb og kan visa til fleire gode resultat i fjor, som var hans første år som junior. Mellom anna blei han nummer 24 i NM og hadde fleire gode resultat i Norges Cup.

– Eg håpar å gjere det betre i år enn i fjor, fortel årdølen om måla for sesongen. 

Det inneberer også å delta i nokon fleire ritt enn i 2015. 

Disiplinert

Ut på hausten i fjor flytta Kinserdal til Sogndal, noko som har betydd eit litt større syklemiljø, men som også har gitt ei litt oppkøyring.

– Ho har vore litt annleis. Det har vore fint no på våren med variasjon, men om vinteren skulle eg helst ha vore heima. 

17-åringen leverer 60 treningstimar i månaden og er svært disiplinert. Ein vanleg dag startar med frukost, deretter skule, middag, trening, kvelds og natta. 

– I helgene er det frukost og trening. Eg likar det best, smiler han. 

Gode støttespelarar

Satsinga krever sitt, også økonomisk med mykje kostbart utstyr og ikkje minst reise. Difor er han glad for gode støttespelarar i sin eigen far og Børre Øvstetun.

– Eg vil takka dei to for all oppfølgjing. Far min fordi han køyrer meg rundt og Børre for at han set opp treninga til meg. 

Til toppen