VEGARBEID: På fylkesveg 5637 (tidlegare 331) går Statens vegvesen i gang med sikring av ein mur onsdag. I samband med det vert det innført vegstengingar.
VEGARBEID: På fylkesveg 5637 (tidlegare 331) går Statens vegvesen i gang med sikring av ein mur onsdag. I samband med det vert det innført vegstengingar. (Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Startar sikring av mur i Luster, varslar vegstenging

Sikring av mur stenger fylkesveg.

Luster: Statens vegvesen går onsdag i gang med å sikra ein mur langs fylkesveg 5637 (tidlegare fv.331) ved Jektaholet på sørsida av Lustrafjorden mellom Sørheim og Feigum. 

MURSIKRING: Mellom Sørheim og Feigum vil det frå og med onsdag bli innført vegstengingar. Skjermbilde: Skjermbilde

Arbeidet vil føra til stengingar av vegen i periodar på inntil tre timar, og det vil bli innført faste opningstider.

Muren skal etter planen vera ferdig 15. desember. 

Opningstidene for passering blir mellom klokka 11 og 11:30, klokka 14:30, og mellom 15:45 og 16:15. 

Vegen vil bli opna på kort varsel for utrykkingskøyretøy, melder Vegvesenet under. 

Til toppen