SØK: Neste onsdag startar politiet opp med søk i terreng der dei vil ta i bruk politihundar frå Bergen. Foto: Halvor Farsun Storvik
SØK: Neste onsdag startar politiet opp med søk i terreng der dei vil ta i bruk politihundar frå Bergen. Foto: Halvor Farsun Storvik

Startar søk med politihundar etter sakna 37-åring

Neste onsdag og torsdag startar politiet i Sogndal søk med sju til åtte politihundar frå Bergen etter den sakna mannen som forsvann frå turfølget sitt på Haukåsen. 

Sogndal: Måndag 9. mai forsvann ein 37 år gammal mann frå turfølget sitt på Haukåsen i Kaupanger. 

Fredag føremiddag hadde politiet i Sogndal møte for å leggja ein plan for vidare søk. 

– Neste veka vil me starta opp eit større søk med sju til åtte politihundar frå Bergen. Så planleggjer me ein stor søkeaksjon tidleg i juli, seier lensmann, Arne Johannessen.

Les også: Vurdering av lege: – 37-åring er truleg omkomen

Har søkt i elva

På møtet fredag gjekk politiet gjennom alt arbeidet som er gjort fram til no for å få ein status på situasjonen. 

– Me planlagte vidare aktivitet. Elva er i stor grad gjennomsøkt av faglege spesialistar og dei gjorde ein solid jobb førre laurdag, seier Johannessen.

Les også: Familien ber om hjelp til å få den sakna Christer heim

Laurdag gjekk søstera til den sakna 37-åringen ut på sosiale medium for å be folk om å ta kontakt med politiet dersom dei såg den sakna broren. 

Heile Sogn og Fjordane Røde Kors skal delta i det større søket neste veka.

Les også: Ber om hjelp frå frivillige i søket etter sakna mann (37)​

– Me håpar så mange som mogleg deltek i søket neste veke. Då kjem me til å fokusere på terreng. Først må me få løyve av Hovudredningssentralen til dei utgiftene dette vil koste, men eg er ganske sikker på at det vil gå bra, seier Johannessen. 

Etterforskar forsvinninga

Parallelt med søket føregår det også ei etterforskning i kva som skjedde då 37-åringen forsvann frå turfølget sitt på Haukåsen for 12 dagar sidan. 

– Me prøver å kartleggje alle bevegelsane til den sakna i det tidsrommet han forsvann, seier Johannessen. 

Torsdag meldte Fylkesmannen på sine eigen nettsider at dei opprettar tilsynssak mot både Melås Helse og Årdal kommune etter forsvinninga

– Det er fylkeslegen som sjølvstendig vil sjå på tilsynssaka og dette er noko som vil bli jobba med uavhengig av politiet. Me kjem nok til å utveksla naudsynte dokument, seier Johannessen. 

Det vil ikkje bli gjort fleire søk denne veka. 

Til toppen