Det vart ein varm avslutning på mai med over tjue grader på målestasjonen i Lærdal siste dagen av vårmånaden. 21,6 grader nådde tempen tysdag ettermiddag. Det var varmast i mai for Lærdal, med unntak av 27.mai, då gradestokken kom opp i 22,5 grader.
I det heile var mai i år vesentleg varmare enn i fjor - 11,4 grader i snitt for mai 2016 mot 8,9 for mai 2015. Teiknar dette for ein varm sommar?
Høgtrykk frå vest i kø
Tja, i alle fall skal inngangen på sommaren bli strålande. Etter det som ser ut til å bli to dagar med både regn, noko sol og altså torever 1. og 2.juni blir helga nydeleg med sol og skyfri himmel. Det kan koma til å vara eit par veker grunna fleire høgtrykk frå vest, i følgje yr.no.
Sommaren 2015 var svært kald, og slikt tykkjer jo dei færraste om. Sesongvarselet ser også lovande ut for dei som fryktar reprise av fjoråret - varmt i juni og juli er utsiktene i følgje VG, før det blir kaldare enn normalt att i august.
Den førebelse konklusjonen ser altså ut til å vera ein sommar stikk motsett av fjorårets. Og det grin vel dei færraste for - om tida viser at det stemmer.