SOSIAL MØTEPLASS: Ungdomane i Sogndal har igjen fått ein møteplass på Solhov. Her spelar Anders Haugen og Brage Eikevik-Rue lufthockey.
SOSIAL MØTEPLASS: Ungdomane i Sogndal har igjen fått ein møteplass på Solhov. Her spelar Anders Haugen og Brage Eikevik-Rue lufthockey. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Startar ungdomsklubb i Sogndal: – Her kan du gjera ting du ikkje kan gjera heime

Eit tjuetals ungdomar hadde teke turen til Solhov under opninga av ungdomsklubben laurdag. 

Sogndal: Etter påtrykk frå ungdomsrådet har det no blitt starta opp ungdomsklubbar på Kaupanger og i Sogndal. Tanken er at dei skal veksla på å halda ope annakvar laurdag, så lenge det ikkje kolliderer med andre arrangement for ungdom.

VIKTIG ALTERNATIV: Ingrid Marie Bergheim (i midten) synst det er viktig at ungdom har andre fritidstilbod enn berre idrett. Her med Oda Ligtvor Tufte og Viljar Sæthre Ediassen. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er gøy å vera med folk du kjenner. Her kan du gjera ting du ikkje kan gjera heime, for eksempel dette, seier Eikevik Rue og peikar på lufthockeybordet han står framfor.

Alternativ møteplass

Han og kameraten Anders Haugen var blant eit tjuetals ungdomar som hadde teke turen til Solhov denne laurdagen. Her spelte dei spel, åt pizza og snop, og hadde det generelt heilt greitt, såg det ut til.

– Her kan me ha det sosialt og gøy. Det er eit alternativ til sport, for det er det ikkje alle som driv med, seier Ingrid Marie Bergheim.

Rørt ungdomsleiar

RØRT: Ungdomsleiar Maria Kalstad Brun tykkjer det er stort å kunna tilby undomane i kommunen ein ny møteplass. Foto: Halvor Farsund Storvik

Maria Kalstad Brun, ungdomsleiar i Sogndal, synst det er stort å kunne tilby ungdomane i kommunen ein ny møteplass.

– Eg er eigentleg litt rørt, eg har vore spent og nesten litt dårleg i magen heile veka. For det er lenge sidan sist me opna ein ungdomsklubb og det kjem folk omtrent til me opnar. Det er utruleg kjekt, seier ho.

Summinga frå glade ungdommar gjer at ho må snakka høgt for at journalisten skal få med seg svara, sjølv om me sit i rommet ved sidan av. Det er akkurat slik det skal vera, tykkjer ungdomsleiaren

– Det er ein liten gledesrus. Det er heilt fantastisk, seier ho.

Til toppen