Indre Sogn/Målselv: Fredag gjekk startskotet i Målselv. Stevnet vart formelt opna med opningssermoni på Råvatn Skytebane. Det er det sekste landsskyttarstevne, som vert avvikla ved denne skytebana. Førre gong var i 2006, det vart eit historisk stevne, då landsskyttarstevnet fekk tidenes første skyttardronning.
Landsskyttarstevne er eit stort arrangament. Rundt ti-tolv tusen mennesker er venta til stevnet i Målselv, både skyttarar og deira familiar.
Sogningar i nord
Sjølv om Målselv er langt nord og reisa lang frå Sogn, så stiller sogningane med skyttarar på årets landsskyttarstevne. Nokon har tatt fly, medan andre har tatt den lange vegen med bil. Dei er representerte frå både Farnes, Knipenborg, Tønjum, Hegg, Aurland, Sogndal, Leikanger, Norum og Hafslo skyttarlag. Totalt er 76 skyttarar og deira familiar, på plass frå Indre Sogn.
Artikkelen held fram under biletet

Neste år er landsskyttarstevnet i Førde, då vert det nok fleire sogningar på plass når startskotet går.
To store finaledagar
Det vert skyting både frå felt og bane. Grovfelten vert gjennomført ved Mauken skytefelt, medan finfelten er i tilknytning til baneanlegget.
Dei to store finaledagane er torsdag 4.august og fredag 5.august. Kongelaget torsdag klokka 19.30 og stang/felthurtig fredag klokka 12.30, er dei to største høgdepunkta.