STASKNIV: Norske stasknivar er påkosta og forseggjorde. Foto frå boka: Øystein Køhn
STASKNIV: Norske stasknivar er påkosta og forseggjorde. Foto frå boka: Øystein Køhn

Staselege skarpe skattar

Nesten kvart einaste dalføre og bygd i Noreg kan fortelje si eiga knivhistorie. No er stasknivane blitt samleobjekt og pyntar opp mange bunadar. Har du skarpe skattar liggjande utan å vere klar over det?

Den nye boka «Staskniven i norsk tradisjon» skriven av Øystein Køhn tek føre seg eit mangfaldig skattkammer av stasknivar her i landet og handverkarane bak. Vi får eit tverrsnitt av variasjonen, kunsten og handverket før og no.

Knivmaking blei i generasjonar praktisert på gardar og private heimar over heile landet. Kniv var ein like naturleg del av påkledinga som beltet, og blei dagleg brukt til ulike gjeremål på landsbygda. Og når ein tok på seg festantrekk, måtte ein ha kniv som passa til dette – altså ein staskniv.

– Vi har svært mange dyktige stasknivmakarar, både avdøde og nolevande. Eg har gjort eit utval av markante knivmakarar som har hatt verdi for handverket eller har sett preg på miljøet, fortel Køhn i boka. Han lagar sjølv knivar, men helst bruksknivar.

Den norske knivtradisjonen kan grovt delast i to hovudgrupper: brukskniv og staskniv. Brukskniven skal som ordet seier brukast til noko, slik som spikking, til jakt og friluftsliv og andre oppgåver i dagleglivet. Staskniven skal også vere ein bruksreiskap, men er påkosta, pynta og betre utført, og i tillegg knytt til ein tradisjon. Staskniven tek ein på seg til festantrekk, gjerne bunad.

Forfattar Øystein Køhn lagar sjølv sine eigne bruksknivar. No har han skrive boka Staskniven i norsk tradisjon. Foto frå boka: Privat.
Forfattar Øystein Køhn lagar sjølv sine eigne bruksknivar. No har han skrive boka Staskniven i norsk tradisjon. Foto frå boka: Privat.

Telemark i ei særstilling

– Noko av det spesielle ved den norske knivtradisjonen er korleis dei ulike landsdelane har utvikla sin eigenart. Ein kniv frå Toten er ikkje lik ein frå Telemark og ein påkosta kniv frå Trøndelag er heilt ulik ein utskoren kniv frå Lindesnes, fortel Øystein Køhn.

Staskniven frå Telemark er blitt eit slags symbol og ein prototype på den norske staskniven.

– Knivtradisjonen i Telemark har alltid vore sterk, mykje sterkare enn i resten av landet. Mange knivfolk meiner at telemarkskniven er opphavet til det vi dag kallar staskniv, skriv Køhn.

I Telemark var det god tilgang på råvarer, jernmalm, som tidleg utvikla smedhandverket i fylket. Her var også ein stor brynesteinindustri.

Lite stas i vest

I dag veit ein lite om eldre stasknivar frå Vestlandet.

– Stasknivtradisjonen der står svakt, samanlikna med kva vi finn i andre delar av landet. At der har blitt produsert mange knivar og smidd kniv- og ljåblad opp gjennom åra, har vi godt belegg for, men gamle stasknivar finst det lite av, fortel Køhn.

På Vestlandet var det sjeldan mange stasknivmakarar på ein stad. For å karakterisere ein stil tok ein ofte namnet til knivmakaren i bruk når vedkommande hadde markert seg på ein positiv måte, enten som svært dyktig eller produktiv.

Eit døme er dei såkalla svangaknivane laga av brørne Ole (f. 1832) og Knut (f. 1842) Svanga frå Bulken ved Voss. Knivane deira er i ettertid blitt karakterisert som ein tradisjon.

Frå Sandane i Gloppen har vi fått fløloknivar, som blei laga av smeden Petter Flølo (1847-1927). Dei minner om totenknivar, men er laga på ein heilt annan måte. Flølo slutta med knivproduksjon i 1909 og gjekk over til å smi hestesko – så då forsvann hans knivtradisjon.

Lars Trondsen Kinsarvik (1846– 1925) frå Kinsarvik i Hardanger var ein allsidig kar som også laga knivar. Stilen til nokre av dei er i ettertid blitt kalla kinsarvikskulen. Kinsarvik var oppteken av den norrøne ornamentikken og folkekunsten i mellomalderen, noko som går att på mønsteret han skar på skaft og slirer.

– I dag finst ein svært aktiv knivklubb i Bergen som har fostra mange flinke knivmakarar og i Moldedistriktet er det fleire klubbar med flinke knivmakarar. Så det er ingen tvil om at knivmakeriet lever på Vestlandet, men nokon spesiell tradisjon, som til dømes i Telemark eller på Toten, kan dei altså ikkje vise til, skriv Køhn i boka.

Denne staskniven er laga av ein av Svangabrørne frå Bulken ved Voss. Ein veit ikkje sikkert kven av dei. Foto frå boka: Øystein Køhn
Denne staskniven er laga av ein av Svangabrørne frå Bulken ved Voss. Ein veit ikkje sikkert kven av dei. Foto frå boka: Øystein Køhn

Umedvitne bunadsbrukarar

– No har grensene mellom «knivdistrikta» blitt viska ut og flote over i kvarandre. Mange har ikkje lenger eit forhold til knivtradisjonar. Så lenge ein kniv ser fin ut, bryr folk seg dessverre ikkje om kvar han kjem frå, seier Køhn, og siktar særleg til bruken av kniv saman med bunad.

Å sjå ein trønderkniv på ein telemarksbunad eller omvendt, har Øystein Køhn slett ikkje sans for.

– Det er synd, og med auga til ein knivkjennar blir dette heilt feil. Viss denne utviklinga held fram, vil dei lokale tradisjonane om nokre år i verste fall vere utsletta, noko som er ille, sett med knivhistoriske auge.

Dei siste åra har det også dukka opp fabrikkproduserte bunadsknivar med fine namn, ofte stadrelaterte.

– Dessverre er ikkje namnet, forma og utsmykkinga på kniven alltid i harmoni. Sjølv om han har tradisjonell utsmykking, er det ikkje alltid han passar til den stadbundne drakta, og det er synd, synest Øystein Køhn. Han lurer på om det etter kvart trengst eit «stasknivpoliti» som kan seie kva som er rett og gale. (©NPK)

Til toppen