OMKAMP: Bøndene meiner dei fremmer moderate krav i jordbruksoppgjeret. Staten er ueinig og seier bøndene prøver seg på omkamp.​ Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
OMKAMP: Bøndene meiner dei fremmer moderate krav i jordbruksoppgjeret. Staten er ueinig og seier bøndene prøver seg på omkamp.​ Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Staten meiner bøndene prøver seg på omkamp

Bøndene meiner dei fremmer moderate krav i jordbruksoppgjeret. Staten er ueinig og seier bøndene prøver seg på omkamp.

Lærdal: Eit oppgjer på 860 millionar kroner vil gi bonden ein inntektsauke i gjennomsnitt på 20.800 kroner.

Kravet er forma slik at små og mellomstore bruk vil få meir, mens dei største gardane vil få ein mindre del.

Omkamp

– Eit klart preg av omkamp, seier forhandlingsleiar for staten Leif Forsell.

Han legg til at han har «store problem med å vurdere kravet som særleg moderat», noko begge dei to bondelagsleiarane fleire gonger understreka under den felles pressekonferansen i Landbruksdepartementet måndag ettermiddag.

Jordbruksoppgjeret i fjor auka inntektsforskjellane til fordel for dei største gardane. Det er ønskt og villa Frp-politikk, mens bøndene no meiner at stortingsfleirtalet ønskjer det motsette.

– Stortinget seier vi skal ha ein variert matproduksjon i heile landet. Då må små og mellomstore bruk løftast i dette oppgjeret, er den samstemte bodskapen frå leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag og Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Moderat prisauke

Maten vil bli 37 kroner dyrare for kvar og ein av oss med opplegget som bondeorganisasjonane presenterte måndag.

Hovudpostane fordeler seg på 577 millionar kroner i overføringar frå staten og auka prisar på 193 millionar kroner.

– Vi legg opp til eit moderat prisuttak, seier Bartnes.

– Eit moderat krav, der vi går i rette med den endringa der det vart tatt frå mange små og mellomstore til nokre få store, seier Furuberg.

Begge viser til behovet for meir landbasert verdiskaping i sin argumentasjon.

Historisk godt

Forsell viser til at den norske bonden har lagt bak seg eitt av dei beste åra i historia med ein gjennomsnittleg inntektsauke på 14 prosent.

I tillegg er det god marknadsbalanse for dei fleste produkt og bøndene nyt godt av låg rente og billeg energi, framhevar han.

– Summen er at norsk jordbruk har hatt ei veldig sterk utvikling. På den andre sida er det ein vanskeleg situasjon med fallande oljepris, stigande arbeidsløyse og stor moderasjon i frontfaget. I lys av dette har eg vanskeleg for å vurdere kravet som særleg moderat, seier Forsell.

Tilbod i mai

Statens tilbod til bøndene vil bli lagt fram onsdag 4. mai. Deretter vil bondeorganisasjonane saman, og kvar for seg, vurdere om dei meiner det er godt nok grunnlag til å innleie forhandlingar på.

Fristen for å bli ferdigforhandla i jordbruksoppgjeret er fredag 13. mai.

Minstemål

Senterpartiets næringspolitiske talsmann Geir Pollestad meiner at kravet er forsiktig:

– Jordbruksoppgjeret er ikkje ein bondesak, men eit spørsmål om kva for eit Noreg vi vil ha i framtida. For å nå måla for norsk matproduksjon, må regjeringa bidra til eit sluttresultat minst på linje med kravet, seier Pollestad, som også er leiar av næringskomiteen på Stortinget. (©NPK)

Til toppen