LANDA: Landbruksminister Jon Georg Dale (t.v.) har no landa avtalen med bondeorganisasjonane. Arkivfoto
LANDA: Landbruksminister Jon Georg Dale (t.v.) har no landa avtalen med bondeorganisasjonane. Arkivfoto

Staten samd med bøndene om ny jordbruksavtale

Staten blei måndag kveld samd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag om ein ny jordbruksavtale. 

  • Endret

Fordelingsforhandlingane starta 21. juni og partane har fordelt ei ramme på 625 millionar kroner. I tillegg er det fordelt 130 millionar kroner frå kapitalen i Landbrukets utviklingsfond i 2018.

– Eg er glad for at vi no får på plass ein jordbruksavtale som styrkjer grunnlaget for matproduksjon i heile landet. Eg vil takke jordbruket for konstruktive forhandlingar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).

Resultatet av forhandlingane er i tråd med føringane frå Stortingets behandling av jordbruksoppgjeret 16. juni.

– Vi har blant anna fått gjennomslag for å behalde målprisen for gris og det generelle beitetilskotet. Omfordelingseffektane mellom produsentane er redusert, seier Bartnes.

Les også: Aksjonsklare bønder i byen: – Du all verda kor mykje folk det er her

Les også: Meiner «Vingle-Venstre» aldri har passa betre

Bondelaget og Småbrukarlaget braut i vår forhandlingane med staten om jordbruksavtalen, men ei semje mellom Venstre og regjeringspartia på Stortinget innebar at oppgjeret blei sendt tilbake med enkelte nye føringar. Den viktigaste var at ramma for oppgjeret skulle aukast frå det opphavlege tilbodet frå staten på 410 millionar kroner til 625 millionar.

– Norges Bondelag braut årets jordbruksforhandlingar fordi regjeringa gav oss eit tilbod som ikkje svarte på utfordringane i norsk landbruk. Stortinget har heva ramma, men ho er likevel for låg til at det er rom for nødvendige satsingar, seier Bartnes.

Til toppen