FØRESEIELEGHEIT: Petter Sortland (Ap) ønskjer at fjord- og kystkommunane i større grad skal vere sikra føreseielege inntekter.
FØRESEIELEGHEIT: Petter Sortland (Ap) ønskjer at fjord- og kystkommunane i større grad skal vere sikra føreseielege inntekter.

MEININGAR

– Staten tappar fjord- og kystkommunane

– Norske fjord- og kystkommunar løyver pengar for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Då er det og rimeleg at dei sit igjen med noko frå denne aktiviteten, skriv Petter Sortland (AP), ordførar i Høyanger.

Høyanger: Eg meiner fleirtalet i skatteutvalet for havbruksnæringa set ein ufullstendig diagnose og tilbyr feil medisin.

Utvalget vart sett ned for å vurdere korleis skattesystemet for havbruk burde bli utforma for å bidra til at fellesskapet får ein del av den ekstraordinære avkastninga i oppdrettsnæringa.

Dette var særlig tufta på at Stortinget ønska ordningar som sikrar vertskommunane stabile og føreseielege årlege inntekter, men fleirtalet i utvalet vil at inntektene i langt større grad skal gå til staten.

Staten får dermed avkastning og inntekter på arbeid som vert utført av kommunane. Det er i praksis det same som at staten tek frå fjord- og kystkommunane.

– Ressursar skapt i distrikta vert omfordelte til sentrale strøk

Erfaring syner at dette resulterer i at ressursar skapt i distrikta vert omfordelte til sentrale strøk, som igjen er med på å finansiere meir generell skattelette. Norske fjord- og kystkommunar løyver pengar for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Då er det og rimeleg at dei sit igjen med noko frå denne aktiviteten.

Det er heilt naudsynt at dei som driv næringsaktivitet basert på lokale naturressursar har lokalsamfunnet med seg. Den aukande lokale motstanden mot utbygging av vindkraft på land er eit nytt kraftfullt eksempel på dette.

Høyanger kommune skal balansere ei rekkje omsyn. På den eine sida er det eit nasjonalt politisk ønske om vekst i oppdrettsnæringa. På den andre sida er det lokal arealkonflikt med innbyggarar, tradisjonelt fiske, og andre næringar, som til dømes reiseliv. For å bøte på dette må kommunane få kompensert for ulempene.

Vil halde på ordninga med auksjonar og Havbruksfondet

I fleire år har vi sett at statlege tilbod og kapital vert flytta frå distriktet til sentrale strøk. Det fører til færre lokale arbeidsplasser, mindre attraktive og meir sårbare distriktskommunar, og auka konfliktar. For å kompensere for noko av dette vart det vedteke ei ordning som vart kalla Havbruksfondet. Dei første utbetalingane frå fondet kom på hausten i 2017. Brorparten kom til utbetaling på hausten i 2018, og noko kjem til utbetaling hausten 2019. Utbetalinga går til alle vertskommunane for havbruk. Dette har gitt næringa meir legitimitet og meir aksept.

Høyanger kommune fekk i 2018 15,2 millionar kroner frå Havbruksfondet. Utan desse pengane ville vi i langt mindre grad kunne legge til rette for oppdrettsaktivitet og anna næringsutvikling.

Eg meiner at den rette medisinen er å halde på ordninga med auksjonar og Havbruksfondet som i dag, supplert med ei produksjonsavgift for å sikre vertskommunane meir føreseielege inntekter.

Fleirtalet i utvalet sitt framlegg svarar altså ikkje på Stortinget sine forventningar. Eg ber difor rikspolitikarane sjå til mindretalet som sikrar vertskommunane stabile og føreseielege årlege inntekter.

Til toppen