IKKJE NØGD: Bonde Per Hilleren er provosert over at staten ikkje legg opp til å minske inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Foto: privat.
IKKJE NØGD: Bonde Per Hilleren er provosert over at staten ikkje legg opp til å minske inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Foto: privat.

Staten tilbyr bøndene ein milliard mindre enn kravet: – Småleg

Tidlegare bondelagsleiar Per Hilleren er provosert.

Sogndal: Bøndene krev 1,45 milliardar frå staten i årets jordbruksoppgjer, men mottilbodet er på 410 millionar kroner. 

– Eg tykkjer det er eit småleg tilbod å komma med, seier Per Hilleren, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane bondelag, no medlem i Sogndal Senterparti.

Han meiner tilbodet frå regjeringa ikkje følgjer opp målet til Stortinget om å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre samanliknbare yrkesgrupper.

 Det er det viktigaste grepet du kan ta for å sikra mangfaldet i norsk landbruk. Når regjeringa svarar på den måten dei gjer no, så blir eg provosert. Dei aller rikaste i landet har fått milliardar i skattekutt, men så ser ikkje regjeringa seg råd til å sikra nok trygg og sikker mat til befolkninga, seier Hilleren.

Han meiner regjeringa heller ikkje gjer nok for å styrke økonomien til små og mellomstore bruk.

Forhandlingane skal vere avslutta 15. mai. Forhandlingsleiaren til staten, Leif Forsell, meiner kravet til bøndene er altfor høgt. 

– Når melodien som blir spelt elles i samfunnet er moderasjon, så er ikkje dette kravet spesielt musikalsk. Vi har eit krevjande utgangspunkt for årets jordbruksoppgjer, seier han til NRK i førre veke.

 

Til toppen