KARTLEGGJING: I 2016 skal alle statlege etatar kartleggje kor tilfredse folk er med tenestene deira og vurdere korleis dei kan gjere ein betre jobb. Foto: Flickr/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Staten vil vite om du er nøgd

I 2016 skal alle statlege etatar kartleggje kor tilfredse folk er med tenestene deira og vurdere korleis dei kan gjere ein betre jobb.

Årdal/Lærdal: – Statlege tenester er til for innbyggjarane. Då må me lytta til kva innbyggjarane meiner om tenestene dei brukar og servicen dei får, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Innbyggjarundersøkinga, ei nasjonal undersøking om offentlege tenester og forvalting, viser at synet på om det offentlege tilbyr gode tenester sprikjer. No får statlege verksemder i oppgåve å kartleggje korleis brukarane opplever verksemda. Ut frå kartlegginga skal dei vurderer kva som kan gjerast betre. Resultatet og planlagde tiltak kjem i årsrapporten for 2016.

– I 2014 starta me arbeidet med å fjerne tidstjuvar i staten, no vil me forsterke arbeidet med å brukarorientere dei offentlege tenestene, seier Sanner. (©NPK)

Til toppen