FØR OPPDRAG: Jaktlaget til SNO gjer seg klar til å legga ut på oppdrag frå basen på Breistølen fjellhytte. Biletet er ikkje teke i samanheng med elgen som nyleg vart skoten.
FØR OPPDRAG: Jaktlaget til SNO gjer seg klar til å legga ut på oppdrag frå basen på Breistølen fjellhytte. Biletet er ikkje teke i samanheng med elgen som nyleg vart skoten. (Foto: Miljødirektoratet/SNO)

Statens naturoppsyn skaut elg frå helikopter i Nordfjella

– Det er i tråd med saneringsplanen, seier Petter Braaten i SNO.

Nordfjella: Nyleg vart ein ung elgkalv skoten frå helikopter sentralt inne på villreinområdet i Nordfjella av saneringslaget til Statens naturoppsyn.

– Dette har skapt reaksjonar, seier Lars Nesse, CWD-koordinator i Lærdal kommune.

– Blir ei vurderingssak frå gang til gang

Han meiner det statlege naturoppsynet bør vera restriktive før dei byrjar å skyta på hjort og elg som kjem inn på høgfjellet. Han er òg skeptisk til om det i det heile let seg gjera å halda Nordfjella fri for hjortevilt, spesielt når snøen forsvinn.

– Me veit at det reiser elg og hjort gjennom dette området kvar sommar, det er nesten garantert. Det er omtrent uoverkommeleg å halda dette fritt for hjortevilt, seier Nesse. 

Petter Braaten i Statens naturoppsyn seier dei ikkje har skote elgen på eige initiativ, men at det er i tråd med saneringsplanen. Grunnen er at dei ønskjer å minimalisera smittefaren medan området ligg brakk.

– Me har observert hjort i skoggrensa opp mot villreinområdet, utan at me tok dei ut. Viss dei held seg i skogen og ikkje går opp på snaufjellet, så skal dei få gå i fred. Men dersom dei kjem opp i villreinområdet, så skal dei takast ut. Det blir ei vurderingssak frå gang til gang, seier han.

Ventar i spaning på brakkleggingsplan

Han seier det no blir jobba med ein brakkleggingsplan, der blant anna det geografiske området og tidsavgrensingar vil bli klårare definert enn i dag.

– Me vart ferdige med ta ut reinsdyra ein del tidlegare enn planlagt. Det kom litt brått på denne brakkeleggingsgruppa, seier Braaten.

Han seier dei vil halda fram å patruljera området ei stund enno, men at dei ikkje forventar å finna at særleg fleire villrein, kanskje ein eller to utover våren.

Lars Nesse har høyrt at det i nær framtid vil koma ei pressemelding frå Miljødirektoratet, der instruksen SNO skal jobba etter framover vil bli nærare skildra.

Før han har fått lese kva som kjem fram då, vil han ikkje meina for mykje om avgjerda om elgen som vart skoten.

– Eg er like spent på kva som står der, som dei fleste andre, seier han.

Til toppen