KAN LEGGJA PÅ FLOG: Last som ikkje er skikkeleg sikra, kan losna og fly gjennom lufta som ein prosjektil om lastebilen lyt bråbremsa.
KAN LEGGJA PÅ FLOG: Last som ikkje er skikkeleg sikra, kan losna og fly gjennom lufta som ein prosjektil om lastebilen lyt bråbremsa. (Foto: Statens vegvesen)

Statens vegvesen fekk stogga denne farlege lasta ved Håbakken

Platene var ikkje godt nok sikra og ville ha vore svært farlege å ha med å gjera om dei hadde lagt på flog etter ein bråbrems. 

Håbakken: – Om det kjem til ei hard oppbremsing, so kan lasta losna og fara av garde. Slik usikra last kan kappa av hovudet på folk om ho fyrst losnar i ein brems, seier Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.  

Lastevogna hadde ein stabel med stålplater som vog 11 tonn plassert midt på planet. Platene var berre sikra med tre enkle stroppar. 

I tillegg til å verta politimeldt, fekk sjåføren ei bot på 2450 kroner av di lasta også vog for mykje til saman.

Men det var ein annan sjåfør som fekk ei mykje kraftigare bot for overlast denne onsdagen. Det er snakk om eit vogntog som vart påført heile 46150 kroner i bot for overlast.  

Vogntoget var ein sokalla boggi-bil, som har tre lasteakslar bak i staden for to. Men akselen bak drivakselen var lyft opp, slik at all vekta bak i vogntoget vart boren av to, og ikkje tre akslar. 

Har ein to akslar til å lyfta lasta, har ein lov til å lasta 11,5 tonn, har ein tre akslar kan ein lyfta heile 26 tonn. Drivakselen på vogntoget vart vegen til nærare 18 tonn, og dermed var han kraftig overlasta. 

– Dette belastar vegen, i tillegg får vogntoget dårlege køyreeigenskapar. Det vert nesten ikkje vekt på framakselen, og so vert vogntoget alt for tungt på drivakselen, seier Jan Ove Bjørgum i vegvesenet. 

Køyretøyet hadde lagt bak seg ein lang distanse med den eine akselen lyft, og Bjørgum trur det var fordi sjåføren ikkje hadde nok kunnskap om bilen. 

To andre farlege lastetilfelle frå Håbakken ifrå tidlegare i vinter   

FARE: Tverrbjelken til lastevogna hang laust under bilen. Ho er der for å stiva av rammene på kvar side, og for å hjelpa til med å bera lasta. No hang han berre laust fast i akslingane. Hadde han falle av i fart, kunne det ha blitt farleg, både for vogntoget og for bilar bak.   Foto: Statens vegvesen

Det er mange feil på lastebilar og lasteplan som kan vera skumle i trafikken. Sist gong Statens vegvesen sende inn bilete til Porten.no etter at dei hadde stogga ein lastebil, gjaldt det feil på ein sokalla tverrbjelke under tilhengjaren. 

 – Eit slikt tilfelle er det greitt å få stogga, fortalde då trafikkontrollør i Statens vegvesen, Roger Løvlid, til Porten.no. 

Stålbjelken er der for å vera med og bera lasta åt tilhengjaren. Men bjelken var knekt av på begge sider ved akselinnfestingane. 

Det var tydeleg at han hadde halde det gåande slik ei stund, for det var ikkje teikn til fersk brottskade på tverrbjelken. Samstundes var både ramma og akslingen åt tilhengjaren svekte.

– Stålbjelken, som eigentleg skal stiva av rammene på kvar side, heng berre fast i støtdemparane, og støttar seg berre i eine sida. Det er like før han dett i bakken, forklarte Løvlid.

Hadde tverrbjelken falle av, kunne det gått riktig ille. 

– Han kunne treft møtande trafikk eller blitt slengt bortetter vegbana. Og hadde han kome under hengjarhjula under køyring, so kunne til og med heile hengjaren ha velta.

Noko anna som òg var farleg

Generelt var vedlikehaldet til hengjaren for dårleg.

– Det var òg ein feil på eine abs-bremsa. I tillegg var låsekrokane som skal halda sidedørene på plass, utslitne. 

Hadde dei gått i stykke, kunne det også her gått til slik at lasta i vogna hadde lagt på flog i stor fart. 

Men traileren var ikkje tungt lasta då vegvesenet stogga han. Like fullt fekk han køyreforbod. Han fekk køyra frå Håbakken og ned til verkstaden i Lærdal, etter at den lause ståbjelken var vorten forsvarleg sikra. 

Eit endå verre tilfella veka før der igjen

Løvlid var med på å avdekkja eit tilfelle som han tykte var endå farlegare veka før der igjen, også midt på glattaste vinteren. 

Då kom det køyrande eit vogntog med ein tungt lasta tilhengjar, der bremsene på fem av hjula var i ustand. Berre eitt einaste hjul på tilhengjaren hadde brems.

– Også dette tilfellet var eit resultat av dårleg vedlikehaldsarbeid, seier Løvlid. 

Reglane er klare for vogntog: Bilen og vogna skal begge kunne bremsa seg sjølve, kvar for seg. Tilfellet vart meldt til politiet, og skilta inndregne. 

– Det er greit å få stogga slike bilar før det skjer ei ulukke. Det er vår oppgåve. Hadde dette vogntoget kome i ein situasjon der det galdt om å panikkbremsa, so kunne det ha vorte for lite bremsekapasitet samla sett, sa Løvlid. 

Til toppen