PÅ FREMSTE RAD: Leif Moen var ein av årdølene som møtte opp på LO-bygget for å verta kursa av Statens vegvesen. Han tykte det var nyttig. – Det er lenge sidan eg fekk sertifikatet, seier han, og dermed er det godt å friska opp.
PÅ FREMSTE RAD: Leif Moen var ein av årdølene som møtte opp på LO-bygget for å verta kursa av Statens vegvesen. Han tykte det var nyttig. – Det er lenge sidan eg fekk sertifikatet, seier han, og dermed er det godt å friska opp. (Foto: Snorre Sandemose)

Statens vegvesen heldt kurs: – Veldig fint å få gått gjennom det som me har lært for lenge sidan

Pensjonistane har ikkje gløymt kunsten å køyra bil, men dei som møtte opp på måndagens kurs tykte det var godt å få friska opp litt i kunnskapane.

Årdal: – Det er godt å få sprita opp kunnskapen, so får me god peiling att på forskjellige ting, seier Leif Moen.

Han er ein av dei som møtte opp då Årdal pensjonistlag i samarbeid med Statens vegvesen arrangerte oppfriskningskurs i teori for bilførarar over 65 år. 

DET FYRSTE AV TO KURS I ÅR: Årdal pensjonistlag har søkt Sogn og Fjordane pensjonistlag om å få tildelt kurs, og fekk tildelt to kursdagar i år. Den neste skal vera i oktober.  Bilde: Snorre Sandemose

– Det er mykje som spelar inn når ein køyrer bil. Me har mellom anna gått gjennom skilt i dag, og det er godt å få repetera, held Moen fram. 

Han køyrer ikkje so ofte bil, men både han og kona er ute på vegen iblandt.

Og Moen er nøgd med bilen sin: – No har eg ein Mistubishi-modell frå 1998. Eg har ikkje hatt noko slag på han, det er ein kjempebil, seier Moen og ler godt. 

Sprudlande lærar frå Statens vegvesen 

Læraren som heldt måndagens teorikurs, Ingeborg Hauglid, var både alvorsam og humoristisk om einannan. Ho samtala og fekk innspel frå teorielevane. 

 Kor viktig er det at dei over 65 kjem på eit slikt oppfriskningskurs?

– So lenge som me kan spara eitt liv, so har me gjort mykje, seier ho til Porten.no. 

KURS BÅDE FOR UNGE OG ELDRE: Ingeborg Hauglid jobbar for trafikant- og køyreavdelinga til Statens vegvesen. Ho har røynsler som eksaminator, køyrelærar og teorilærar. Bilde: Snorre Sandemose

Hauglid seier at det er mykje betre å koma i saman enn å henta fram teorikurset heime. 

– Det er mykje lettare å gje seg i gang med eit oppfriskningskurs når ein har nokon å diskutera med og vera høflege og blide mot, seier Hauglid, og legg til:  

– Dette er ein utruleg flott gjeng med godt humør. Det aukar læreevna deira. 

NØGDE: – Me fekk veldig god informasjon, og hadde ein flink leiar som ser humoristisk på livet, seier Solrun Steinegger, ein av deltakarane som sat heilt bakarst i rommet. Bilde: Snorre Sandemose Foto: Snorre Sandemose

Ho meiner kurset går ut på å oppdatera gamal kunne og minna seg på kva ein kan.

–  Dei kan tinga sine. Men dei får ei oppfrisking på at det dei gjer er riktig. Og det tel mykje for dei. 

Under kurset oppmoda Hauglid elevane om å sjå for seg ulukkesscenario i hovudet, og tenkja på korleis dei vil agera om dei kjem midt oppi eit slikt.

«Då vert det mykje lettare å trø til og jobba seg ut av det om ein kjem i ein slik situasjon», sa ho frå kateteret.  

– Det å setja seg inn i scenario, det er so viktig, heldt ho fram. 

HUGS AT FOLK KAN VERA MEDVITNE: Det gjeld å hugsa at skadelidne ofte kan høyra godt kva som vert sagt, sjølv om dei ikkje sjølve er i ein tilstand der dei kan snakka, var noko av det lærar Hauglid minna om.  Bilde: Snorre Sandemose

Døme på nyttige ting å hugsa på som Hauglid fortalde elevane 

Om ein hjelper ein skadeliden som har augo att eller som ikkje seier noko, so skal ein ikkje seia kva som helst. Ein bør hugsa på at somme kan høyra alt, sjølv om dei kan sjå medvitslause ut. Hauglid fortalde òg kva ein skal seia i eit slikt tilfelle, når ein ringjer inn til naudetatane. 

«Eg står attmed han det gjeld», skal ein seia, og dei i andre enden av røret veit dermed at dei berre skal stilla spørsmål med ja/nei svar. Soleis får ikkje den som er kome ut for ulykka høyra skremmande skildringar. 

Eit anna godt tips ho fortalde, gjaldt hjort. Kjem ein i so stor fart at det er for seint å stogga, so bør ein sikta på rumpa til hjorten eller til venstre for rumpa, so sant ein bil ikkje kjem i mot akkurat der. Hjorten brukar nemleg å halda fram spranget over vegen.

PARADOKS: Her er ein politibrosjyre som fortel at me skal ringja 02800 om me køyrer på ein hjort. Politiet skal so ringja vidare til viltnemnda. Men ein kan fort sitja lange tider i kø på dette nummeret, og responstida vert deretter. Dei fælslege lidingane til påkøyrde hjortedyr vart diskuterte blant møtelyden.  Bilde: Snorre Sandemose

«Elgen, derimot, han står so fint og kikar på oss», minna Hauglid om, og skildra korleis han ter seg på eit anna vis enn hjorten på bilvegen, og veltar gjerne inn frontruta og i fanget på sjåføren. 

Ein annan moral når det gjeld elg og hjort, er at det kan vera lurt å ha lågare fart på utsette stader i skumringstimen. 

– Viktig å få ei oppdatering

Solrun Steinegger sat på bakarste rad blant elevane. Akkurat som Leif Moen, tykte ho det var veldig gunstig med ei oppdatering. 

DIALOG: – Kurset var lagt opp som ein dialog mellom kursdeltakarar og instruktør, noko som baud på mange artige kommentarar og innspel, skreiv leiaren for pensjonistlaget, Odd Øvregard på facebook etter arrangementet. Til venstre: Solrun Steinegger.  Bilde:Snorre Sandemose

– Det er viktig å gå gjennom både korleis reglane er med innkøyrsler, skilting og i det heile korleis me skal ferdast åt i trafikken. Me byrjar å verta gamle, og eg tykkjer det er viktig å oppdatera seg, seier Steinegger. 

Ho har ein stor bil som ho likar å køyra. 

Eg elskar å køyra bil, so eg kosar meg med det. Og so er eg veldig glad for at eg kan køyra. 

Rett som det er legg Steinegger ut på langturar, anten for å vitja sonen i Bergen, eller systera i Gudbrandsdalen. 

– Det er fantastisk at fylkeslaget tek initiativ til dette kurset, og at vegvesenet stiller opp, seier ho. 

Allright å koma til Årdal

TO GULL: Lunsjbordet var pynta med eit flagg for kvar gullmedalje Noreg fekk i Pyeongchang denne måndagen. – Det var Tove Øvregard og Annalaug Selland som hadde laga til gode smørbrød med karbonadar til oss. Heilt eineståande, seier Solrun Steinegger.  Foto: Odd Øvregard

Køyre- og teorilærar Hauglid er i Årdal for andre gong og held kurs, og synest det er skikkeleg «allright» å koma til bygda inst i Sognefjorden. 

– Vil du oppmode alle over 65 om å vera med på slike oppfriskningskurs?

– Ja. Men det som er det verste, er at me får ikkje fatt i dei me verkeleg burde fått fatt i, seier ho og ler godt. 

Til toppen