GÅR SIN GANG: Rune Dvergsdal informerer om at fjellreinskarbeida går sin gang, og oppgjev eit tidsskjema for ferdsle med bil forbi området, som vil gjelda i to veker minimum. Deretter skal kampesteinar attmed vegen flyttast på, og då vil det koma eit nytt tidsskjema for gjennomfartstrafikk.
GÅR SIN GANG: Rune Dvergsdal informerer om at fjellreinskarbeida går sin gang, og oppgjev eit tidsskjema for ferdsle med bil forbi området, som vil gjelda i to veker minimum. Deretter skal kampesteinar attmed vegen flyttast på, og då vil det koma eit nytt tidsskjema for gjennomfartstrafikk. (Foto: Bjørn Indrebø/ Statens vegvesen)

Statens vegvesen informerer om opningstidene forbi Finnsåstunnelen i tida frametter, og gangen i arbeida

Fjellreinsklaget skal jobba i alle fall to veker til. Etter det skal kampesteinar flyttast på, og ei ny tidsoversikt for gjennomfartstrafikk vil verta presentert. 

Slik vert opningstidene dei neste par vekene medan fjellreinsklaget held på:

  • Frå torsdag klokka 16.00 til måndag klokka 09.00 vil vegen vera heilt open og det vil vera fritt fram for trafikantane
  • Måndag til torsdag vil vegen vera stengt dagtid, frå 09.00 til 16.00
  • Men det er visse unnatak: Han opnar mellom 12.00 og 12.30, mellom 13.35 og 13.40 og mellom 14.55 og 15.00. 
  • Dei to sistnemnde opningane på fem minutt korresponderer med buss i rute, men vegen vil òg vera open for bilar frå begge retningar i desse femminutts-periodane

Årdal: Framleis ryddar fjellreinsklaget frå  Mesta vekk steinar over inngangen til Finnsåstunnelen i Årdal.

Dei var òg i vigør med spett og tau då det store super puma-helikopteret var med på å reinska fjellsida tidlegare i vinter.  Helikopteret spylte fjellsida med 3000 liter sjøvatn om gongen eit par hundre gonger. 

Seinare har fjellreinskarane halde fram arbeidet med spettet, og skuvar utfor store steinar. 

Det er grunnen til at vegen berre held open i kortare intervallar mellom klokka ni om morgonen og fire om ettermiddagen, alle kvardagar so nær som fredagane. 

Dette arbeidet vil pågå eit par veker til, trur Rune Dvergsdal i Statens vegvesen, og i heile denne perioden vil tidene i faktaboksen over gjelda. Eksakt kor lang tid det vil ta før dei har reinska tilstrekkeleg i fjellet, går ikkje å seia no. 

– Det har litt å seia med vêret òg. Regnar det for mykje, so kan ikkje fjellreinsklaget jobba.

I verste fall ville dei kunne få ein del snø på seg som kan rutsja utfor, sjølv om det ikkje nett er eit snørasområde der dei arbeider. 

Men interessant nok er fjellskrenten like attmed, som Finnsåstunnelen går gjennom, eit snøskredområde der det av og til går ras. Dvergsdal kan fortelja at eit snøras tilfeldigvis fór ut i fjorden der medan vegvesenet spylte fjellskråninga attmed, like ut for tunnelen. 

Seinare vil det koma nye gjennomfartstider

Etter kvart vil det koma nye opningstider for bilistane, når vegvesenet vil gå i gang med å flytta på kampesteinane som ligg ved raset. Ikkje før etter påsketider trur Dvergsdal det vil verta heilt fri ferdsle for bilistane døgeret rundt. 

Ettersom det ligg ein straumkabel på botnen av fjorden like der som raset gjekk, kan ikkje resten av kampesteinane skuvast utpå. Dessutan er steinane gode å ha som materiale, og vegvesenet skal flytta dei over til eit depot nærare Kolnostunnelen. Men det kan dei altso ikkje byrja med før fjellreinskarane har gjort sitt.  

Då skal det òg verta sett opp eit rassikringsgjerde ovanfor vegen.

NYTT REKKVERK: Ein av dei siste tinga vegvesenet skal gjera før dei vil erklæra vegen heilt fin att, er å erstatta det gamle rekkverket.  Bilde: Eivind Hellesund, Vest PD

I tillegg vil det koma ny asfalt på plass der raset gjekk. Han kan ikkje leggjast før jorda er fri for tele. Og det kjem på plass nytt rekkverk, og nye, raude tunnellys utanfor tunnelen. 

Dei raude lysa som vanlegvis heng på utsida av tunnelen for å varsla bilistane dersom eitkvart er gale i tunnelen, vart øydelagde av raset dei òg. 

Vegen vil vera smalare ei tid frametter

Vegstykket utfor Finnsåstunnelen er framleis smalare enn normalt.

Det vesle strekket forbi rasstaden vil vera smalt fram til kanskje like over påske, trur Dvergsdal.  

– Me har skilta ned farten og sett opp fareskilt «smalare veg». Berre folk køyrer varsamt, so skal det gå fint å møtast også ved det smale vegstrekket attmed raset.

Han informerer om at vegen er halvanna køyrebane i breidde forbi rasstaden, og at to lastebilar dermed vil få vanskar med å møtast akkurat der. Men det er møteplass også for slike breie bilar like i nærleiken.  

Til toppen