OMORGANISERING: Regionskontoret på Leikanger er eit av fem regionskontor som vil bli nedlagt dersom Statens vegvesen får godkjend sitt forslag.
OMORGANISERING: Regionskontoret på Leikanger er eit av fem regionskontor som vil bli nedlagt dersom Statens vegvesen får godkjend sitt forslag. (Foto: Arkiv)

Statens vegvesen kuttar 1650 tilsette - regionskontoret på Leikanger kan bli nedlagt

Dersom Statens vegvesen får godkjent sitt forslag i Samferdelsdepartementet, vil regionskontoret på Leikanger bli nedlagt.

Oslo/Leikanger: Tysdag har vegvesenet sitt eige forslag til omorganisering blitt sendt til Samferdelsdepartementet. 

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen har bekrefta at direktoratet vil foreslå ein såkalla divisjonsmodell, i staden for ein modell basert på geografi. Det vil føra til at dei fem regionkontora i landet leggjast ned og at avgjerdene blir fordelt mellom divisjonar.

Eit av kontora som kan bli nedlagt er regionskontoret på Leikanger. Det skriv NRK.

– Ingenting tyder på oppsigelse i det «nye» Vegvesenet. 1650 skal overførast til fylkeskommunane som ein følgje av Regionreforma – frå 1. januar 2020, seinast 2021, skriv Statens vegvesen på Twitter.

Kritikarar: – Det er å flytta makt frå distrikta 

Omorganiseringa i Statens vegvesen skjer i samband med den nye regionreforma. Det er allereie vedteke at drifta av fylkesvegane skal overførast til dei nye fylka frå år 2020. 

Moe Gustavsen opplyser om at 5000-5500 tilsette vil halde fram i Statens vegvesen, medan 1406 tilsette går over til dei nye regionane og fylka.

Kritikarar har tidlegare sagt at dette er å flytta makt frå distrikta og inn til Oslo, og fryktar at distrikta vil mista innflytelse. Det skriv NRK. Nokon har òg vore kritiske til om fylka klarar å ta vare på eigne vegar.

Dette er vegdirektør Moe Gustavsen ueinig i.

I ei pressemelding sa han tysdag at samling av oppgåver ikkje er det same som at alt samlast på ein plass i landet.

– Mange av oppgavene våre krever at vi er til stede der oppgavene skal gjøres, altså lokalt. Det betyr at Statens vegvesen vil ha en betydelig lokal tilstedeværelse også i årene fremover, seier han. 

Til toppen