SPYLER FRÅ LUFTA: Mannskap frå Statens vegvesen, helikoptertenesta Airlift og Mesta fjellsikring samarbeider I arbeidet med å reinske fjellsida utanfor Finnsåstunnelen.

Vegen opnar 17.00 sundag, trur Statens vegvesen. Sjå video av korleis dei arbeider

Rydding av vegen kan truleg starta fyrst på laurdag. 

Årdal: Når reinskelaget har avslutta arbeidet sitt sundag kl.17.00, ser vegvesenet føre seg å opna vegen for fri ferdsle i eitt køyrefelt fram til måndag morgon kl. 09.00.

Frå måndag av blir vegen stengt til følgjande tider:

Frå 09.00 – 1200

Frå 12.30 – 15.45

Det vil i tillegg bli køyrt kolonne i begge retningar kl. 13.40 og kl. 14.40

Utanom desse tidene er det fri ferdsel gjennom området.

– Rydding av vegbana kan ikkje starta før laurdag morgon. Når spylinga er ferdig, lyt fjellsida tørka ei stund før sjølve ryddejobben kan byrja. Det er litt usikkert enno når me kan starta med dette, men me håpar på å byrja laurdag. 

Vasstanken rommar 3000 liter. Super Puma-helikopteret kan lyfta heile fire tonn  og dermed fylla tanken smikkfull kvar gong. 

– I dag har me fått spylt fjellsida 120 gonger frå tanken. Det ser ut til at me lyt ha nokre timar med spyling på fredagen òg, seier byggeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Laurdag vil vegvesenet òg byggja voll på oppsida av vegen. Fjellreinsk-laget vil vera oppe i fjellsida og rydda manuelt gjennom heile helga.

I fleire veker framover vil arbeida halda fram. Fyrst skal meir stein reinskast ned i skråninga, og så skal eit midlertidig sikringsnett opp over vegen.

– Me legg opp til at vegen berre blir open til visse tider på dagtid, slik at me får utført effektivt arbeid oppe i sida medan det er dagslys, seier Dvergsdal.

UTFORDRING MED HØGSPENTLINE: Alle kampesteinane kan ikkje berre lessast rett på sjøen, for der ligg det ein høgspentkabel som kan taka skade.  Bilde: Eivind Hellesund, Vest PD

Høgspentline i fjorden byd på vanskar

Dvergsdal seier at ikkje alle kampesteinane kan skuvast rett ut i fjorden. 

Det er ei høgspentline på botn nett der som raset gjekk, difor lyt dei vera varsame. Mykje må køyrast vekk. 

Ein god del av steinmassen vil kunne verta nytta seinare av vegvesenet til å mura med.

Vegvesenet har ein lagringsplass til steinane attmed bilvegen like før Kolnostunnelen i nærleiken. 

 

Til toppen