NPK-NTB: Ni personar har mista livet i bussulykker mellom 2014 og 2016. Ifølgje Statens vegvesen kunne fleire overlevd med betre beltebruk. No varslar dei store kontrollrundar over heile landet.
Under kontrollar i vår vart 237 passasjerar pålagt gebyr på ei veke.
– Bussulykkene er få, men når dei først skjer, er skadepotensialet stort. Å bruke belte i buss er heilt klart ein livreddar, både for din eigen del, men også for dine medpassasjerar. Fleire av dei som har mista livet i bussulykker dei siste åra hadde overlevd dersom dei hadde brukt belte, seier Ida Bergene Kongsrud i Statens vegvesen i ei pressemelding.