KRITISK: Geir Pollestad frå Senterpartiet er kritisk til regjeringa sin strategi for etableringar av statleg arbeidsplassar. Foto: Senterpartiet
KRITISK: Geir Pollestad frå Senterpartiet er kritisk til regjeringa sin strategi for etableringar av statleg arbeidsplassar. Foto: Senterpartiet

Statlege arbeidsplassar blir flytta til storbyane

Over åtte av ti statlege arbeidsplassar som blir etablerte utanfor Oslo, hamnar i storbyane. Senterpartiet og Arbeidarpartiet er kritiske og kallar det ein storstilt sentraliseringspolitikk.

Rundt 86 prosent av dei statlege arbeidsplassane som Solberg-regjeringa har flytta ut av Oslo, har gått til storbyane Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Kristiansand, viser eit oversyn Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt til Nationen. Det skaper reaksjonar.

– Det er ingen tvil om at det er ei heilt annan haldning til kva som er distriktspolitikk. Der vi flytta ting til Voss, så er distriktspolitikk i denne regjeringa å flytte ting til Bergen, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til avisa.

Viktig spørsmål inn mot valkampen

Oversynet viser at Solberg-regjeringa har flytta eller nyetablert 324 arbeidsplassar utanfor Oslo. Tilsvarande tal for dei raudgrøne i perioden 2009 til 2013 var, ifølgje departementet, 200.

– Vi har stilt spørsmål til regjeringa om dei driv ein storstilt sentraliseringspolitikk. Det beviser desse tala at dei gjer, seier stortingsrepresentant Eirin Sunde (Ap).

Ho legg til at sentraliseringa kjem til å bli eitt av dei viktigaste spørsmåla i valkampen neste år.

Statsminister Erna Solberg (H) avviste tidlegare i sommar at regjeringa dreiv sentraliseringspolitikk.

Til toppen