TEK OPP ATT PLANLEGGINGA: Det har vore mykje fram og tilbake, men no tek Statnett oppatt arbeidet med den planlagde oppgraderinga av kraftlinja mellom Aurland og Sogndal kan bli skrinlagd.
TEK OPP ATT PLANLEGGINGA: Det har vore mykje fram og tilbake, men no tek Statnett oppatt arbeidet med den planlagde oppgraderinga av kraftlinja mellom Aurland og Sogndal kan bli skrinlagd. (Foto: Statnett)

Framleis usikkert om innbyggjarane i  Øyragardane eller turfolket i Stedjeåsen blir råka av linjeflytting

Statnett tek opp att planlegginga av ny kraftlinje for opptil 900 millionar kroner mellom Aurland og Sogndal

Sogndal/Aurland: Prosjektet vart sett på vent ved årskiftet 2016 og 2017, men i ei pressemelding fredag opplyser Statnett at dei ønskjer å setta igang planlegginga igjen.

– Prosjektet er førebelskostnadsrekna til mellom 500 og 900 millionar kroner, seier prosjektleiar Tor Morten Sneve.

TO ALTERNATIV: Den gamle fjordkryssinga er i grått til venstre, dei to andre i raudt til høgre i kartet. Alternativ 1 er billegare, men tettare på folk. Alternativ 2 er dyrare, men går gjennom populært turområde på Stedjeåsen. Kart: Statnett

I drift i 2023

Trass den stive prisen, viser nye analysar at prosjektet vil vera klart samfunnsøkonomisk lønsomt, noko som var usikkert og førte til stopp sist.

Dette er i tråd med signala direktøren i Statnett gav til Porten.no i desember i fjor.

Det nye no er at avgjerda er teken, og at Statnett vil ta opp att arbeidet med ein konsesjonssøknad.

– Når denne vil bli sendt er førebels ikkje avgjort, men me tek sikte på å følga ein framdriftsplan som gjer det mogleg å setta i drift den oppgraderte linja i løpet av 2023, seier prosjektleiar Sneve.

Ny rute

Den 55 kilometer lange 300 kV-linja mellom Aurland og Sogndal har ifølgje Statnett for liten kapasitet til å transportera den nye kraftproduksjonen som er planlagt i Sogn og Fjordane. 

Etter fornying vil linja ha ei spenning på 420 kV, altså ein vesentlig høgare kapasitet enn i dag. 

– Den nye linja vil på det meste av strekningen bli bygd parallelt med den gamle, og den gamle blir riven når ny linje er ferdig, seier prosjektleiar Sneve.

Det siste utsegnet har eitt viktig unnatak.

Stedjeåsen eitt av to alternativ

I dag går kraftlinja ned frå Hagafjellet, der den nye trafostasjonen stod klar i 2017, via Øvstedalen og ned til Fardal, der trafoen stod før. Herifrå kryssar linja i eit heller lågt spenn over Sogndalsfjorden.

Ved oppgradering av linja vil denne fjordkryssinga bli endra, korleis er framleis usikkert. Dei to alternativa som er utgreidde er å kryssa fjorden ved Øyrafjellet, og over Øyragrendi, eller frå Stedjeåsen, det siste eit populært turområde.

– Det er framleis litt tid igjen før me bestemmer oss for kva me meiner, seier Sneve.

Det som er sikkert er at mastene og linjene som går ned Øvstedalen og til Fardal, vil bli fjerna.

Til toppen