UTSET AVGJERD: Statnett utset avgjerda om å senda konsesjonssøknad for oppgradering av ledningen mellom Aurland og Sogndal til første halvår av 2018. Foto: Statnett (Illustrasjon).
UTSET AVGJERD: Statnett utset avgjerda om å senda konsesjonssøknad for oppgradering av ledningen mellom Aurland og Sogndal til første halvår av 2018. Foto: Statnett (Illustrasjon).

Statnett vil vente med å oppgradere ledning mellom Aurland og Sogndal

Statnett utset avgjerda om å senda konsesjonssøknad for oppgradering av ledningen mellom Aurland og Sogndal til første halvår av 2018.

Sogndal: Årsaka til avgjerda er nye vurderingar som syner mindre nytte for oppgraderinga. I tillegg ønskjer Statnett å hauste erfaringar med den nye ledningen mellom Sogn og Sunnmøre som nyleg vart sett i drift.

– Utsetjinga inneberer at prosjektets framdriftsplan no er forskyvd med to-tre år i forhold til tidsplanen som er oppgitt i Nettutviklingsplanen frå 2015. Me føler oss likevel trygge på at dette er det riktig prosjektet for å auke kapasiteten, og at me på eit eigna tidspunkt må fornya han, seier konserndirektør Håkon Borgen i Statnett i ei pressemelding.

KONSERNDIREKTØR: Håkon Borgen.
KONSERNDIREKTØR: Håkon Borgen.

Behovs- og lønsemdsvurderingar viser mindre nytte av auka kapasitet. Dette skuldast hovudsakleg forventningar om lågare kraftprisar og mindre utbygging av fornybar produksjon enn antatt.

Det er stor usikkerheit knytt til lønsemda fordi den nye ledningen frå Sogndal til Ørskog på Sunnmøre medfører ei stor endring i systemdrift i området.

Ønskjer erfaringar

No ønskjer Statnett å hente ut erfaringar frå drifta av denne ledningen i eit år før det vert trekt konklusjonar. Samstundes gir utsetjinga betre moglegheiter til å vurdere kostnadsbesparande løysingar og ny teknologi i prosjektet, er forklaringa.

Ved å utsetje ein konsesjonssøknad til første halvår 2018, og dersom dei bestemmer seg for å gjennomføre oppgraderinga, vil ein ny ledning bli sett i drift tidlegast i 2022.

– I løpet av 2017 vil me ha utforska dei driftsmessige utfordringane og moglegheitene. Me vil i tillegg vite meir om fleire av dei sentrale faktorane som påverkar lønsemda. Statnett vil difor i første halvår av 2018 beslutta den endelege tidsplanen for oppgraderinga av Aurland-Sogndal, seier Borgen.

60 kilometer med nye ledningar

Prosjektet omfattar ny 420kV ledning mellom Aurland og Sogndal, samt delar av Sogndal-Hove, riving av eksisterande 300kV ledningar og ombygging av Aurland stasjon. Fjordspenna over Sogndalsfjorden og Sognefjorden vert ogs fornya.

Oppgraderinga vil i hovudsak skje ved at det vert bygd nye ledningar parallellt med dei eksisterande som blir revne etter at dei nye er sett i drift. Til saman inneberer prosjektet at det vert bygd om lag 60 kilometer med nye ledningar til erstatning for dei gamle.

Til toppen