MILLIONSATSING: Den omfattande satsinga på oppgradering av riksvegtunnelar held fram i forslaget til statsbudsjett for 2020. Her frå oppryddinga av Gudvangatunnelen etter brannen i 2019.
MILLIONSATSING: Den omfattande satsinga på oppgradering av riksvegtunnelar held fram i forslaget til statsbudsjett for 2020. Her frå oppryddinga av Gudvangatunnelen etter brannen i 2019. (Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen)

Statsbudsjettet: 167 millionar til tunnelar i Aurland, 158 til rassikring i Vik

Dette seier statsbudsjettet om Sogn.

Indre Sogn: Måndag klokka 10:00 presenterte regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Av konkrete satsingar her i Sogn er det flest i kategorien samferdsle. Under kan du sjå heile lista over forslag som direkte vedkjem vår region. 

Det endelege budsjettet skal vedtakast i Stortinget. Vanlegvis skjer dette i desember.

Samferdsle i Sogn

Tunnelar i Aurland: Regjeringa set av 167 millionar kroner til å oppgradera Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen med mellom anna nye vifter og lys, naudstasjonar med telefon og brannslukkarar, system for handtering av brannfarleg veske og nye bommar. Prosjektet skal vera ferdig i september 2020.

Rassikring i Vik: Regjeringa set av 158 millionar kroner til ny veg på den rasutsette strekninga mellom Vik og Vangsnes. Pengane skal mellom anna gå til ein rundt tre kilometer lang tunnel. Arbeidet starta i 2017, og prosjektet skal etter planen vera ferdig i juni 2020.

Ferjekaier i Vik og nye Sogndal: Regjeringa set av pengar til å vidareføra utbetringa av ferjekaiene på sambandet Hella–Dragsvik–Vangsnes.

Tunnelar i Lærdal: Regjeringa set av pengar til å utbetra Borgund- og Seltatunnelane på E16 i Lærdal.

E 39 i Gulen: Regjeringen set av pengar til å setta opp veglys på E39 og til å utbetra Skrikebergtunnelen og Jernfjelltunnelen i Gulen.

Pengar til tryggare trafikk: Neste år blir løyvingane til trafikktrygging dobla i Region vest i Statens vegvesen, skriv etaten i ei pressemelding. Totalt er det sett av 234 millionar kroner til dette i 2020, mot 120 millionar i 2019.

Meir til riksvegane: Riksvegane får 6,5 milliardar til investeringar i 2020, ei auke på 400 millionar kroner frå 2019. Av tunnelane som ikkje er nemnde over, er det venta oppstart av oppgraderingsarbeid i Stedjebergtunnelen i Sogndal i 2020.

Diverse:

Skatteoppkrevinga blir sentralisert: Regjeringa føreslår å overføra skatteoppkrevinga frå kommunane til Skatteetaten frå 1. juni neste år.

«Sukkeravgifta» uendra: Avgifta på alkoholfrie drikkevarer, inkludert sukkerfri saft og brus, blir omtrent den same i forslaget til stadsbudsjett for 2020.

Millionsatsing på fjordane: Regjeringa vil gje 5 millionar kroner til utvikling av Nærøyfjorden Verdsarvspark, Valdres natur- og kulturpark, Telemarkskanalen regionalpark og seks andre regionalparkar gjennom organisasjonen Norske Parker.

Til toppen