UROA: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Statsbudsjettet 2018: Årdal kan miste 25 millionar i kraftinntekter

– Viss det blir vedteke så blir det tøft for økonomien i Årdal kommune, seier ordføraren.

Leikanger: I dag varsla regjeringa at dei vil fase ut eigedomsskatten på kraftlinjer og produksjonsutstyr på verk og bruk. Det vil få store konsekvensar for kraftkommunane i Sogn, og først og fremst for Årdal, som i alle år har henta store inntekter frå hjørnesteinsbedrifta Hydro.

– Viss det blir vedteke så blir det tøft for økonomien i Årdal kommune. Det vil gå utover tenestetilbodet og driftsnivået i åra som kjem, så sjølvsagt vil me gjera det me kan for at dette ikkje skal bli vedteke i Stortinget, seier ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.

Regjeringa: Endringa i eigedomsskatten vil tryggje arbeidsplassar.

Rådmann Olve Fossedal opplyser at ei slik utfasing vil kunne koste kommunen rundt 25 millionar kroner i året. Ordføraren meiner dette er ein politikk som vil skade distrikta.

– At denne typer bedrifter skal legga att noko i lokalsamfunnet meiner me er opplagt. Dette er skattar som har vore i generasjonar, seier  Lægreid.

Regjeringa meiner derimot skatteomlegginga vil styrke konkurransekrafta til norske verksemder.

For å lette overgangen føreslår regjeringa ei overgangsordning på fem år. Reglane skal tre i kraft frå 2019, med overgangsordning til 2023, melder NPK.

– Å fjerne eigedomsskatten på maskiner og tilbehøyr vil gje store lettar for industrien og vil medverke til å tryggje arbeidsplassar, seier finansminister Siv Jensen (Frp) i ei pressemelding.

SMIL OG ALVOR: Rådmann Jostein Aanestad og ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.
SMIL OG ALVOR: Rådmann Jostein Aanestad og ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Heller ikkje «budsjettvinnaren» jublar

Sogndal er den einaste kommunen i Sogn som får høgare vekst i dei frie inntektene enn snittet i landet, 3,1 prosent mot 2,6 prosent.

Likevel er det ikkje jubel å spore i saftbygda.

– Statsbudsjettet er eit veldig innhaldsrikt dokument som vi treng å djupare inn i. Men dersom det er forslaget som har vore ute på høyring som no blir gjennomført, så vil det ha særs uheldige verknader for mange kommunar i fylket og i Sogn, seier rådmann Jostein Aanestad

For Sogndal sin del er det inntektene frå eigedomsskatt på kraftlinjer og trafostasjonen på Hagafjellet dei risikerer å miste. Inntektene derifrå utgjer mellom 5-6 millionar.

– Det er ei større inntektskjelde for kommunen, enn veksten i dei frie inntektene vi får frå neste år, seier han.

– Vil få store konsekvensar

Ordførar Jarle Aarvoll regjeringa sitt forslag representerer ei uheldig dreining i politikken.

– Ein større del av denne typen inntekter skal gå til eigarane og ikkje til kommunane. Det betyr mykje, spesielt for Årdal og Høyanger. Viss dette vil bli gjennomført så vil det få store konsekvensar, òg for andre enn dei to kommunane, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Til toppen