FOKUSERT GJENG: I dag var det invitert til statsbudsjettdag i Statens hus på Leikanger.
FOKUSERT GJENG: I dag var det invitert til statsbudsjettdag i Statens hus på Leikanger. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Statsbudsjettet 2019: Slik blir økonomien til kommunane

Halvparten av kommunane i Indre Sogn får høgare vekst i inntektene enn landssnittet, halvparten lågare. Balestrand er ein store vinnaren.

Leikanger: I dag vert regjeringa sitt forslag til statsbudsjett lagt fram. På Statens hus på Leikanger er politikarar frå heile fylket på plass for å få vita kva konsekvensar neste års budsjett får for økonomien.

Me kjem med reaksjonar frå dei folkevalde etter kvart, i mellomtida kan me ta ein kikk på dei store linjene.

Når det gjeld dei frie inntektene til kommunane blir veksten i fylket på i snitt 2,8 prosent, like under landssnittet på 2,9 prosent. I tabellen under kan de sjå korleis kommunane i Indre Sogn greier seg.

Balestrand er inntektsvinnar

Frie inntekter er pengar som kommunar og fylkeskommunar kan bruka som dei vil, utan at staten blandar seg inn. Dei frie inntektene utgjer i snitt rundt 73 prosent av inntektene til kommunane, og består av skatteinntekter og tilskot.

I statsbudsjettet for 2019 legg regjeringa opp til ein vekst på 2,6 milliardar i dei frie inntektene, ein vekst 0,7 prosent.

Som tabellen under viser, får dei fire kommunane Balestrand, Sogndal, Luster og Vik i Indre Sogn ein forventa vekst i inntektene som ligg på eller over landssnittet. Dei fire kommunane Årdal, Lærdal, Leikanger og Aurland får mindre vekst enn snittet i landet. 

Kommune Forventa frie inntekter 2019 (i millionar kroner) Forventa vekst 2018-2019 (i millionar kroner) Forventa vekst (%) 2018-2019
Balestrand 102,7 7,3 7,6
Sogndal 442,3 14,3 3,3
Luster 331,3 10,7 3,3
Vik 185,2 5,2 2,9
Årdal 318,3 8,4 2,7
Lærdal 143,5 3,3 2,3
Leikanger 146,7 2,9 2,0
Aurland 123,6 2,1 1,7
Sogn og Fjordane     2,8
Landet     2,9

Kutt i skjønnsmidlar

Skjønnsmidlane skal sørga for at kommunane med uvanlege utgifter får litt ekstra å rutta med. Det er fylkesmannen si oppgåve å sørga for ei rettvis fordeling av desse pengane mellom kommunane i fylket.

Nasjonalt er ramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 100 millionar kroner samanlikna med 2018. For 2019 er skjønnsmidlar fordelte etter den nye fylkesstrukturen. Nye Vestland får 168,3 millionar kroner, som er seks prosent mindre enn dei to fylka fekk i 2018. Ramma til Sogn og Fjordane blir 52,7 mill. kroner, mot 55,8 millionar i 2018.

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar, høgare sats for arbeidsgjevaravgift, ekstra utgifter til grupper i skulen med både bokmål og nynorsk og svak økonomi er prioriterte i skjønnsfordelinga.

Endringar i 2018

  • Forventa skatteinntekter er 2,4 milliardar høgare enn det som vart lagt til grunn i nasjonalbudsjettet 2018. Brorparten kjem kommunane til gode. Dei ekstra skatteinntektene er av eingongskarakter, og blir ikkje vidareførte i 2019.
  • Den samla pris- og kostnadsveksten aukar med 0,4 til 3 prosent for 2018. Kostnadsveksten kjem i hovudsak av auka straumprisar, samla 1,9 millionar for kommunane. Forventa lønsvekst er uendra.
  • I 2018 blir det utbetalt over 2,7 milliardar frå Havbruksfondet til 164 kommunar og 10 fylkeskommunar, rundt 460 millionar meir enn overslaget i nasjonalbudsjettet.
Til toppen