DUELL: Finansminister Siv Jensen og administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, møtast til duell i Dagsnytt 18.
DUELL: Finansminister Siv Jensen og administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, møtast til duell i Dagsnytt 18. (Foto: FrP/ Halvor Farsund Storvik)

Skuffa Lerum-sjef møter finansministeren i radioduell

I 2006 betalte Lerum null kroner i sukkeravgift på saft. I år betalar dei 60 millionar, og avgifta omfattar sjølv sukkerfri drikke.

Sogndal: – Det blir inga reversering for oss. Me har det same høge avgiftsnivået, seier ein skuffa Lerum-sjef, Trine Lerum Hjellhaug.

Då forslaget til statsbudsjettet vart lagt fram klokka 10.00 i dag, var det stort håp om at regjeringa skulle reversera auken i den såkalla «sukkeravgifta» som vart vedteken i  fjorårets statsbudsjett.

For Lerum tydde det 16 millionar kroner i ekstra utgifter. Til saman kostar sukkeravgifta dei 60 millionar kroner i året.

– I 2006 var det null, seier Lerum Hjellhaug.

Bedrifta på Kaupanger betaler avgift på all drikke dei produserer, sjølv den med null kaloriar.

– Konkurransekrafta vår blir svekka, seier Lerum Hjellhaug.

VITJA LERUM: I fjor var Liv Signe Navarsete på besøk hos Lerum for å sjå bygginga fabrikken som no står klar. Frå venstre: Driftsdirektør Jan Audun Larsen, Steinar Ness (Sp), Liv Signe Navarsete (Sp) og administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Skuffa Navarsete

Håpet var der, men regjeringa skuffa Lerum-sjefen.

For i statsbudsjettet føreslår dei å reversera auken i sjokolade- og sukkervareavgifta, men ikkje auken som råkar brus, saft og anna alkoholfri drikke.

Liv Signe Navarsete (Sp), som har vore ein aktiv motkjempar mot avgifta, kallar det eitt av dei største vonbrota i statsbudsjettet.

– Dette set arbeidsplassar i fare, for eksempel på Lerum, som står oss i Sogn og Fjordane ekstra nære, seier ho.

Navarsete reagerer i tillegg på at regjeringa vidarefører ei 350-kroners grense for momsfri import, noko som gjer det ekstra lønsamt å handla på internett eller over grensa i Sverige. 

– Det er næringsfiendtleg, meiner Navarsete.

Møter finansministeren til duell

I forslaget til statsbudsjett lovar regjeringa at dei skal setta ned eit utval, som næringa blir invitert til å delta i. Utvalet skal vurdera måten heile sukkeravgifta er utforma, òg når det gjeld alkoholfri drikke. 

Målet er at avgifta skal treffa slik ho er tenkt, nemleg å oppmoda til eit sunnare kosthald.

– Det er bra med eit utval, slik at ting kan bli faktabasert. Men det utvalet burde ha vore sett ned før avgiftsauken kom i 2017, seier Lerum Hjellhaug.

Ho seier ho slit med å forstå kvifor avgifta på sjokolade og sukkervarer blir justert tilbake, medan saft og brus ikkje slepp unna.

Måndag kveld møtte Lerum Hjellhaug finansminister Siv Jensen til radioduell på Dagsnytt 18. 

Kan gå utover arbeidsplassar

Dét gler Lerum-sjefen seg til:

– Eg håpar eg kan få svar på kvifor dei har gjort som dei har gjort. Det er så prinsipplaust og tilfeldig at eg lurer på kva dei vil med norsk næringsmiddelproduksjon. Det er veldig frustrerande, seier Lerum Hjellhaug.

Lerum har nett lagt bak seg ein kanonsommar, der rekordvarmen har gjort at salet har gått så det susar.

Frykta er likevel at dei høge avgiftene på sikt skal skremma vekk ein del av butikkundane. Noko som i verste fall kan føra til at Lerum må seia opp tilsette.

– Sommaren har kompensert litt, det me må sjå på er trenden på salet. Får me det fallet i volumet som me ventar, så er det klart at det til slutt kan gå konsekvensar for arbeidsplassar, seier Lerum Hjellhaug. 

Til toppen