PÅ LAG MED VÊRGUDANE: Det er venta mykje godt vêr denne helga. Det lovar godt for Nasjonalparkfestivalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ LAG MED VÊRGUDANE: Det er venta mykje godt vêr denne helga. Det lovar godt for Nasjonalparkfestivalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Statsmeteorologen lovar strålande festivalvêr

Nasjonalparkfestivalen har vêrgudane med seg, i alle fall til søndagen.

Årdal: I dag startar Nasjonalparkfestivalen i Årdal og det i eit vêr som er ein sommarfestival verdig. Statsmeteorolog Martin Granerød seier det er meir godvêr i vente.

– I morgon ser det veldig bra ut, med temperaturar på mellom tjue til tjuefem grader, helst nærare tjuefem, i allefall i låglandet seier han.

Les også: – Håpar folk møter opp og bidreg til god stemning

Laurdagen ser ikkje så verst ut den heller.

– Det blir litt meir skyar, men truleg opphaldsvêr, sjølv om det kan kome små drypp av nedbør. Framleis blir det ganske varmt, men temperaturen kan synke ned mot atten-nitten grader, seier statsmeteorologen.

OPTIMIST: Statsmeteorolog Martin Granerød.
OPTIMIST: Statsmeteorolog Martin Granerød.

Laurdag er den store turdagen denne festivalhelga. Vinden skal i allefall ikkje skape problem, seier Granerød.

– Det blir rolege vindforhold og fine forhold for å gå i fjellet. Utpå søndagen vert det ikkje like bra, med litt meir vind etter kvart, spesielt godt opp i høgda. Samstundes vert det meir skyar og fare for dårlegare sikt, jo lenger du kjem ut på søndagen jo verre, seier han.

Les også: Med sjela i behald har Nasjonalparkfestivalen fått ny drakt

Søndag beveger det seg nemleg eit lågtrykk seg innover Indre Sogn. Dei av festivalgjengarane som kjem seg opp vil vakna til åtte-ni grader tidleg om morgonen.

– Utover dagen vil temperaturen stige mot femten grader, det blir overskya for det meste av dagen og litt nedbør i form av regn, seier meteorologen.

Til toppen