TIL SOGNDAL: I januar kjem statsminister Erna Solberg til Sogndal for å opne den nye Høgskulen på Vestlandet. Foto: Statsministerens kontor. 
TIL SOGNDAL: I januar kjem statsminister Erna Solberg til Sogndal for å opne den nye Høgskulen på Vestlandet. Foto: Statsministerens kontor.  (Foto: Pressefoto)

Statsministeren skal opne høgskulen

Statsminister Erna Solberg kjem til Sogndal i januar for å opne den nye Høgskulen på Vestlandet. 

Sogndal: Skulane Høgskulen i Sogndal, Høgskolen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund vedtok i juni å slå seg saman. 

10. januar vert det storstilt opning på alle desse stadene, og det kanskje mest storfine besøke får Sogndal i og med at statsminister Solberg tek turen til Sogn denne dagen for å opne den nye, store høgskulen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Bergen og statssekretær Bjørn Haugstad kjem til Haugesund. 

Showet blir samkøyrt og strøyma. Det vil seie at når statsminister Erna Solberg talar til forsamlinga i Sogndal, så vil dei som sit i salane på dei andre campusane sjå det på skjerm samtidig.

Til toppen