Sogndal: Statssekretær Paul Chaffey (H) var i Sogn for å høyre om arbeidet med å digitalisere offentleg sektor. Men då han vart invitert på omvising på Fosshaugane Campus var han ikkje vond å be.
– Eg blir veldig imponert av å sjå samspelet mellom fotballen, forskinga, entreprenørskapet og studentane. Og så er det ei veldig gjennomtenkt haldning til kvifor det er lurt, det er ikkje berre noko som kjem av seg sjølv. Det er ein liten plass som har fått til imponerande mykje, seier Chaffey.
– No er vi til og med utanfor fotballsesongen, men det er fullt liv her likevel, seier han.
Les også: Dette meiner studentane om nye Meieriet
Les også: Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal
– Det kjekkaste eg gjer
Marknadssjef Stine Lilloe-Olsen i Sogndal Fotball og Halvor Gregusson i Rocketfarm var dei som viste delegasjonen rundt på Fosshaugane.
– Det er nesten det kjekkaste eg gjer det, å skryte av dei andre vi jobbar i lag med, seier ho.
Då er ho heldig som får gjere det ofte. Interessa er nemleg stor for Fosshaugane Campus og oppskrifta bak suksessen.
– Vi har omvisingar nesten kvar dag. Sjølvsagt ikkje alltid gjester av dette kaliberet, men vi har folk innom, alt frå indremisjonen til statsrådar som kjem på besøk, seier ho.
Les også: Her er dei fem viktigaste punkta i Campusplanen

Samhandling vert ofte trekt fram som nøkkelen for kvifor Campus har lukkast. Miljø, som på overflata ikkje verkar å ha noko felles, har greidd å finne saman og slikt blir det spanande tankar av. Det høyrest enkelt ut, men har vist seg å ikkje vere like enkelt å kopiere.
– Samhandling tek tid, folk må bli kjent med kvarandre. Det er ikkje berre å seie «Hei, no skal eg og du bli vennar!». Det må vere ei genuin interesse og tilliten og kompetansen må byggjast opp over tid. Det er det vi har fått til her i Sogndal, seier Lilloe-Olsen.
Naturstridig suksess
Halvor Gregusson i Rocketfarm meiner tankesettet i Sogndal er nøkkelen.

– Her er det folk som vil veldig mykje og som ikkje har lagt avgrensingar på seg sjølv. Vi klart å byggje eit økosystem her etterkvart, det har vorte ein postitiv trend og gravitasjonskrafta har berre blitt tyngre og tyngre, seier Gregusson.
På veg ut svingdøra og med sogndalskjerfet hengande rundt halsen, reflekterte ein imponert statssekretær over akkurat det naturstridige bak bygda si suksess.
– Det høyrest jo litt fjernt ut at fotballen skal samarbeide med forskning. Men i dag har eg fått høyre om fleire konkrete prosjekt, der det nettopp skjer. Det er fascinerande å sjå kva dei har fått ut av dei moglegheitene dei har her, seier Chaffey.