TIL ÅRDAL: I mars kjem Valdres-bandet Staut til Årdal kulturhus. Foto: Pressefoto. 
TIL ÅRDAL: I mars kjem Valdres-bandet Staut til Årdal kulturhus. Foto: Pressefoto. 

Staut til Årdal i mars

Country- og folkrock-gruppa Staut spelar i Årdal kulturhus i mars. 

Årdal: Utla kafé og bar skriv på si Facebook-side at det blir ope hus 18. mars når Staut kjem til bygda. 

Statut er eit av Noregs fremste liveband, og musikken vert komponert og arrangert av gruppa sjølv. Bandet har gitt ut fire album med kjende låtar som «Slepp me inn» og «Sjå sole». 

Tekstane er skrivne av Ørnulf Juvkam Dyve, som har fått tildelt Målprisen av Valdres mållag for flittig bruk av dialekt i musikken. Det første albumet deira «Staut» låg også fleire veker på VG-lista.

Valdres-bandet har mellom anna spelt på Målrock i 2011, så dette blir ikkje første gongen dei står på ei scene i Årdal. 

Til toppen