FESTIVALKLARE: Desse karane tek turen til Lærdal under festivalhelga i juni.
FESTIVALKLARE: Desse karane tek turen til Lærdal under festivalhelga i juni. (Foto: Ole Laget / Pressefoto)

Stavangerkameratene kjem til Jordeplerock

Når Jordeplerock i fjor spurte følgjarane sine på Facebook kven dei ville å sjå på scena, var Stavangerkameratene dei mest ettetrakta.

Lærdal: Måndag kveld slapp Jordeplerock det folkekjære bandet Stavangerkameratene.

– Når me spurte følgarane våre på Facebook kva artistar dei ville ha på Jordeplercok 2019, var Stavangerkameratene dei som var mest ønska fortel Torgeir Skjerdal, marknadsansvarleg i Jordeplerock. 

Difor er han storfornøgd med at bandet skal ta turen til Lærdal under festivalhelga i juni. 

Les òg: Balestrendingen Kjartan Lauritzen kjem til Jordeplerock 2019

12 millionar streams på Spotify

Ein av bandet sine mest kjende låter, «Bare så du vett det» har blitt spelt over 12 millionar gonger på Spotify. 

– Musikken deira er veldig allsidig, og sjangeren appelera til eit veldig breidt publikum. 

– Me gler oss til å få dei til festivalen, seier ein glad Skjerdal. 

Han vil ikkje avsløra fleire av artisane heilt endå, men fortel at publikum kan vente seg  framtidige artislepp frå sjangerane country og pop. 

Til toppen