Kaupanger: Eit tysk TV-team har rigga seg til utanfor Kaupanger stavkyrkje. Der filmar dei ein TV-serie som når sju millionar tyske sjåarar kvar episode.

– I dag spelar vi inn bryllaupscena. Kvar episode byggjer opp til høgdepunktet, som er at to personar finn kvarandre og kjærleiken. Så scena i Kaupanger stavkyrkje er på mange måtar høgdepunktet i episoden, seier Guro Sollie Hansebakken i Nordic Location, eit selskap som legg til rette for utanlandske TV-selskap som ønskjer å filme i Norge.
- Les også: Her er opptaka til Nundalsdrapet i gang
- Les også: Spelar inn dei siste episodane av Frikjent 2
Serien som no har tatt turen innom Sogn heiter Cruise into happiness og er ein avskytar frå ein annan serie, Traumschiff, som har gått i over tretti år på den tyske statskanalen ZDF. Kvar episode blir filma i eit nytt land. I Norge er Bergen, Sogndal, Geiranger, Valdal og Ålesund stoppestad.
Stavkyrkja i Kaupanger vart vald fordi ho representerer norsk tradisjon og samstundes ligg enkelt til.
– Kyrkja har fine omgivnader, ho er vakker og har i tillegg eit stort kyrkjerom, som gjer ho praktisk å filme i. Urnes og Borgund var to andre kandidatar, men Kaupanger ligg meir sentralt til, seier Sollie Hansebakken.
Ho seier det er vanskeleg å spå effekten av at sju millionar tyskarar får stavkyrkja inn i stova si.
– Det er mange tyske turistar som kjem til Norge frå før, vi får håpe at det ikkje kjem færre i allefall.