STAVKYRKJE: Borgund stavkyrkje med anslått 628 % avkastning på investeringar og inntektsskatt på omtrent 11 millioner kroner årlig. Foto: Arkiv. 
STAVKYRKJE: Borgund stavkyrkje med anslått 628 % avkastning på investeringar og inntektsskatt på omtrent 11 millioner kroner årlig. Foto: Arkiv. 

Stavkyrkja trekt fram som stjerneeksempel 

I ein europeisk analyse vert stavkyrkja på Borgund trekt fram som eit eksempel på kor mykje verdi som vert skapt i samfunnet rundt kulturminne. 

Lærdal: Peng, lovord og arbeidsplassar. Det er stikkorda som vert brukt om Borgund stavkyrkje i ein analyse bestilt av English Heritage. 

Borgund stavkyrkje i Sogn gir åleine 628 % i avkastning på investeringar i vedlikehald og drift, og 11 millionar i inntektsskatt. På toppen tronar klimafordeler, innovasjon og læring, skriv Fortidsminneforeningen på sine nettsider

Les også: Nesten 38.000 kjøpte billett hit i sommar

Spesiell omtale 

Dei fleste nordmenn kjenner til nasjonale kulturminne som; Nidarosdomen, Eidsvollsbygningen, Bryggen i Bergen og Borgund stavkirke.

– Mange av oss er også opptatt av meir lokale og mindre kjende kulturminne i landet, fordi me kanskje kan identifisere oss sterkare med dei. Kulturminne gir oss tilhøyr, historisk med og identitet. I ei tid der verda blir mindre, og me får stadig nye nordmenn som har med seg ein annan kulturell ballast, blir det endå viktigare å ta vare på vår kulturarv og formidla historie, eigenverdi og samanheng. Det vil bidra til ein betre nasjonal forståing, skriv Fortidsminneforeningen. 

Store skatteinntekter

Kulturarven har lang historikk med å gi ein tilfredsstillande avkastning på investeringar og genererer betydelige skatteinntekter, både frå aktivitetane knytta til kulturarv-relaterte sektorar og indirekte gjennom ringverknadar frå kulturarv-orienterte prosjekt som har ført til ytterligare investeringar.

Eit døme på dette er ein analyse på oppdrag frå English Heritage. Analysen omfatta over ein million transaksjoner i eigedomsmarknaden i perioden 1995—2010 som undersøkte prisnivået og den seinare prisutviklinga på eigedommar innanfor eller nær eit bevaringsverdig område. Den syner ein auke i eigedomsverdiane på omlag 23 prosent.

Investeringar

Auka avkastning på investeringar viser også frå forsking utført i Berlin i Tyskland. Der beløper meirverdiane i eigedomsverdiar seg til 1,4 milliardar euro, der desse ligg i nærleiken av kulturminn.

Eit døme er Borgund stavkyrkje som genererer, basert på skatteinntektene åleine, 628 % avkastning på den årlege investeringa, med vedlikehaldskostnadar på kyrkja anslått til omtrent 2 millionar kroner per år, og med billettinntekter på 1,75 millionar kroner.

– Undersøkinga estimerer at kyrkja, som regionen sin hovedattraksjon, genererer inntektsskatt på omtrent 11 millioner kroner årlig, skriv Fortidsminneforeningen. 

 

Til toppen