GAMMAL ARV: Urnes stavkyrkje frå rundt år 1130 er rekna for å vere den eldste stavkyrkja i Noreg. Foto Nina Aldin Thune/Wikimedia Commons
GAMMAL ARV: Urnes stavkyrkje frå rundt år 1130 er rekna for å vere den eldste stavkyrkja i Noreg. Foto Nina Aldin Thune/Wikimedia Commons

Stavkyrkje kan få verdsarvsenter

Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje i Sogn og Fjordane arbeider med å etablere eit verdsarvsenter på Ornes.

Målet med å få på plass eit slikt verdsarvsenter er å betre publikumsfasilitetane og logistikken for dei besøkande på Ornes, der stavkyrkja ligg. Vidare skal senteret bidra til å formidle verdsarvverdiane, lokal samfunnsutvikling og lokal næringsutvikling, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Arbeidet er heilt i startfasen, og i eit møte tidleg i mai sette rådet ned ei forprosjektgruppe der desse organisasjonane er representerte: Luster kommune, Samarbeidsgruppa for Sørsida, Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fortidsminneforeningen.

Riksantikvaren har i tillegg gitt Fortidsminneforeininga i oppdrag å koordinere arbeidet med å lage ein buffersoneplan for Urnes stavkyrkje. Alle verdsarvområde skal ha ei buffersone for å ta vare på omgjevnadane til verdsarven.

Til toppen