Årdal – Eid 3-0
Årdal: Christian Stedje opna scoringsballet på Jotun stadion fredag kveld då Årdal tok sin fjerde strake heimesiger i det som far og assistenttrenar Jan Kåre Stedje skildrar som ein dårleg fotballkamp.
3-0 er likevel meir enn godkjent for årdølene, som no har tatt seks poeng i opninga av haustsesongen. Truls Hovland stod for 2-0, medan Johnny Aspeseter Hagen fekk æra av å score kveldens kanskje penaste med eit skot frå eigen banehalvdel.
Sigeren er likevel med ein liten bismak. På overtid blei det ampert då Eirik Rode set inn ei takling, bommar på ball og ein Eid-spelar fullfører si takling. Rode blei liggjande å vri seg i smerte medan blodet rann frå låret.

Ampert i sluttminuttane
Ekstra opprørt blei Årdal-leiren då dommaren gav frispark til bortelaget i situasjonen.
– Eg håpar Eirik ikkje er alvorleg skadd. Når Eirik bommar og Eid-spelaren fullfører, så skal det godt gjerast at dei får frispark, men det får dei. Samstundes vinn me 3-0, så då er det greitt, seier Stedje, som steppar inn for trenar Ivan Øy som måtte hjelpe venstrebacken sin inn i garderoben.
– Dei er ivrige begge to. Ingen av dei går inn med vonde hensikter. Det er glatt på bana, og sånt skjer. Dommaren dømde ein god kamp, sjølv om det er enkeltepisodar me er usamde om. Dommaren er ikkje i fokus frå vår side. Etter ein slik situasjon ville det blitt reaksjonar uansett kven som dømmer.
– Forferdeleg dårleg kamp

Med 3-0 har Årdal fått ein kanonstart på haustsesongen. Seks poeng mot to lag som dei til saman tok eitt poeng mot i vår må vere godkjent.
– Kampen i sin heilskap var forferdeleg dårleg. Eid er veldig ballsikre, men skapar berre éin sjanse i 1. omgang, der me kunne hatt både to og tre etter 20 minutt, oppsummerer Stedje.
– Vårt problem er at me går mange i angrep, så blir me brotne og må jage heim. Sivert (Larsson, keeper journ. anm.) held oss inne i kampen med nokre gode redningar i 2. omgang. Då har me mange angriparar på bana og slit med balansen i laget. Ut frå heilskapen meiner eg me vinn fortent.