SKIFTAR BEITE: Stefan Hagerup går til Ull/Kisa og skal spele 1. divisjonsfotball komande sesong. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.
SKIFTAR BEITE: Stefan Hagerup går til Ull/Kisa og skal spele 1. divisjonsfotball komande sesong. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.

Stefan Hagerup går til Ull/Kisa

Sogndal Fotball og Ullensaker/Kisa er einige om ein overgang for Stefan Hagerup.

Sogndal: Det melder klubben på si nettside. Hagerup sluttar seg til sin nye klubb tysdag og skal spele her dei neste to sesongane.

Keeperen var på lån i Ull/Kisa i fjor, der han fekk ni kampar. Der gjorde han sakene sine tydelegvis bra sidan dei vil ha tilbake på permanent basis. 

– Dette er faktisk bra, seier keepertrenar Terje Skjeldestad til klubben si heimeside. 

– Stefan fortener dette, han treng speletid på eit høgt nivå, og no får han sjansen til å gå vidare.

Hagerup fekk 13 kampar i Sogndal-trøya, men stiller bak i køen så lenge Mathias Dyngeland er frisk og rask. 

Til toppen