UTLÅN: – Eg ser på dette som eit flott høve til å få kamptrening, og reiser til austlandet i morgon tidleg, seier Stefan. Foto: Rune Sjøberg.
UTLÅN: – Eg ser på dette som eit flott høve til å få kamptrening, og reiser til austlandet i morgon tidleg, seier Stefan. Foto: Rune Sjøberg.

Stefan Hagerup på utlån

Stefan Hagerup reiser på korttidsutlån til OBOSliga-laget Ull-Kisa frå og med i dag og til og med 22. juli.

Sogndal: – Me fekk ei henvending frå Ull-Kisa. Dei hadde veldig behov for ein keeper, grunna skade i troppen. Me var i same situasjon i fjor, då me henta nettopp Stefan til Sogndal, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

Dette er ein beslutning som er teken i lag med Stefan, som er veldig motivert for å få litt viktige kampar "under beltet".

– Me såg at dette var ein fin moglegheit for Stefan, då han har fått lite speletid i det siste, og no kan han få spela kampar på eit høgt nivå.

Ull-Kisa er nyopprykka og ligg litt utsett til i OBOS-ligaen. Dei har den gamle ringreven Vegard Skogheim som trenar, skriv Sogndal fotball på sine nettsider.

– Eg gler meg til dette opphaldet, og håpar at det å få spela viktige kampar på eit høgt nivå vil gje meg ein fin boost, fortel Stefan.

– Eg ser på dette som eit flott høve til å få kamptrening, og reiser til austlandet i morgon tidleg, seier Stefan, som ikkje veit for mykje om det nye laget sitt.

– Eg veit berre at det ikkje ligg så langt frå Gardermoen, ler bergensaren vår.

– Me ynskjer Stefan lukke til, og ser fram til at han kjem tilbake til oss i juli, avsluttar Håvard Flo.

Til toppen